Krisitn Laurizen

Kvaliteten er ei føremon for norsk industri

I dag er det i hovudsak marine oljar frå Sør Amerika og Afrika som vert nytta i ulike typar kosttilskot. Men norsk industri ha ei føremon dersom ein vel å utnytte fersk råstoff av god kvalitet i oljeproduksjonen.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit

Men kvaliteten på råstoffet kan også påverke korleis kosttilskotet verkar og olje produsert av ferske biprodukt frå laks og sild, i tillegg til lever frå kvitfisk, gir låg oksideringsgrad, eller sagt med andre ord, låg harskningsgrad. Dette kan representere ei mogeleg føremon for norsk industri. -Vi har god tilgang på ferske råstoff og det gir oss eit stort verdiskapingspotensial dersom vi handsamar dei på ein optimal måte. I dag nyttar vi gjerne berre halvparten av råstoffet til mat, og det er viktig å få ei meir optimal utnytting, seier utviklingssjef Kristin Lauritzen i NSL til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Ho har skreve doktorgrad innanfor området marin biokjemi. Forskinga på dei marine oljane er framstilt i rapporten "Omega 3 oljar frå fersk marint råstoff" som er utarbeida av Rubin og basert på forsking gjennomført av Bjørn Skjævestad i Altavida og Gjermund Vogt i Nofima Mat. Den gir ein gjennomgang av status på kunnskap om lipidoksidasjon og helseeffektar i tillegg til ei oversikt over marknadspotensiale for fiskeoljer basert på fersk norsk råstoff. Last ned rapporten her