Kjersti Nordgaard Fredheim Havbruksstasjonen Tromsø

Køyrer smitteforsøk med lus

I regi av Nofima Marin gjennomfører no Havbruksstasjonen i Tromsø smitteforsøk med lakselus. Målsettinga er etablere ein modell som kan brukast til utprøving av nye lusemiddel, eller for å finne fram til fôr med effektive virkestoff mot påslag.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Nofima Marin og Havbruksstasjonen i Tromsø har hatt stor pågang frå kommersielle aktørar som ønskjer å få gjennomført ulike testar med lakselus. Difor vert det no gjennomført eit internt forsøk for å etablere ein smittemodell som kan brukast til ulike testar med lakselus.

For å vere sikker på at lus som er med i forsøket ikkje er resistens mot eksisterande lusemiddel er desse kjøpt inn frå Havforskingsinstituttet.

I fylgje avdelingsleiar Kjersti Fredheim ved Havbruksstasjonen går denne typen forsøk på at laks som går i kar på land vert infisert med copepodittar (lus i påslagsfasen). Avhengig av vasstemperatur, går copepodittane etter kvart over i eit fastsittande stadium som vert kalla chalmius. Etter det utviklar lusa seg i ulike stadium heilt fram til dei blir vaksne og går inn i eit bevegeleg stadium der holusa får eggstrengar.

Målet med å gjennomføre dette interne forsøket er å få etablert en smittemodell som kan brukast til utprøving og utbetring av eksisterande lusemiddel, eller for å prøve ut ulike typar laksefor som kan innehalde naturlege virkestoff som er førebyggande mot lusepåslag, seier Fredheim til Norsk fiskeoppdrett/Kyst.no

For Nofima Marin og Havbruksstasjonen i Tromsø inneber dette at ein kan tilby ein smittemodell på lik linje med etablerte modellar som vert brukt til forsøk med ulike typar virus og bakteriar. Seniorrådgiver Heidi Mikalsen ved Nofima Marin er ansvarleg for arbeidet med smittemodellen.