Kystpartiet på vippen vert kravstore

Kystpartiet kan få to representantar inn på Stortinget ved komande val, og det er fullt mogleg at partiet kjem på vippen mellom dei to blokkene som tevlar om regjeringsmakt. Då blir det ikkje snakk om å fire på krava, varslar partileiar Roy Waage.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Skjervøy-ordføraren som i oktober i fjor tok med seg ei heil kommunestyregruppe fra Kristeleg Folkeparti og over til Kystpartiet, seier i eit intervju med Dag og Tid at han er budd på å stille knallharde krav til kursendring, og vil selje seg dyrt. Sidan mars i år har han vore leiar i Kystpartiet.

- Vi kjem til å måle dei to regjeringsalternativa opp mot kvarandre, og så velje eitt. Det vert like mykje opp til dei to alternativa kven som er viljuge til å kome oss i møte. Vi let oss ikkje begeistre av verken den eine eller den andre, seier Waage til Dag og Tid.

For det er ikkje gjeve kva side Kystpartiet då vil støtte. Partiet har ikkje noko til overs for privatiseringsbølgja i Høgre, samstundes som dei ser ein del uavklarte saker innafor det raudgrøne alternativet. Kystpartiet vil ha petroleumsutvinning i Barentshavet, og vil ikkje støtte dei raudgrøne om SV får stogga ei vidare utvinning.

Waage meiner at både Høgre og Arbeiderpariet har opna for alt for mykje privatisering i fiskerinæringa, men vil gjerne sjå om det er mogleg å få Arbeiderpartiet til å leggje om politikken. Ei føremon med dei raudgrøne er at det har forplikta seg til å gje meir til kommunane, og gjennomføre ei større satsing på offentleg sektor. Det appellerer til Kystpartiet, men dei vil uansett stå hardt på krava. 

Kystpartiet er representert på Stortinget med tidligare leiar Steinar Bastesen. Denne uka vart det presentert ei meiningsmåling i Troms som syner at partiet kan nå 9,5 prosent oppslutning i fylket. Dei er jamnstore med Høgre, dobbelt så store som Kr.F, og førstekandidat Thor Tellefsen skal vere inne med god margin.