Oppdrettsanlegg med bøye. Illustrasjonsfoto: Pål Mugaas Jensen.

Kystvakten tok fiskarar ved oppdrett

Fire polakkar vart i helga ferska av Kystvaktskipet Tor då dei prøvde fiskelukka ved eit oppdrettsanlegg i Herdlafjorden, melder Strilen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Kystvakta tok beslag i utstyret deira og dei kjem mest sannsynleg til å bli bøtelagde, politioverbetjent Kurt Inge Hordvik i Nordhordland lensmannsdistrikt.

Trur du dei ikkje visste at det var lov?, spør Strilen.

- Fisking ved oppdrettsanlegg er eit generelt problem og eg trur dei fleste veit at det ikkje er lov, seier Hordvik.