
Lakseolje til folk og fe
Brussel: Offentlege myndigheiter krev at Marine Harvest vidareforedlar 26 prosent av den totale produksjonen i Noreg. Lakseolje blir eit av satsingsområda for å nå målet vårt, seier Thomas Farstad i Marine Harvest til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Då offentlege myndigheiter gav si godkjenning for samanslåing av Marine Harvest, Pan Fish og Fjord Seafood, vart det stilt krav om at selskapet skulle auke vidareforedlinga i Noreg til 26 prosent av produksjonen. I dag ligg denne prosenten på 15. Selskapet har fleire planar for korleis selskapet skal tilfredsstille kravet frå myndigheitene, men informasjonsdirektør Arne Hjeltnes vil ikkje komme konkret inn på dei ulike prosjekta ut over at ein del av konseptet med å auke graden av vidareforedling handlar om lakseolje, eller Marine Harvest Ingrediens som selskapet kallar denne produksjonen. Lakseolje både til folk og fe Den vidare utviklinga av lakseolje er både knytt til fôrproduksjon og til produksjon av kosttilskot eller ingrediensar i andre matvarer. Lakseolje i fòrproduksjon vert i dag mellom anna nytta i produksjonen av fôr til gris. -Det skal ha positiv innverknad på dødlegheita til smågris, seier Thomas Farstad i Marine Harvest til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Lakseoljen påverkar dyret si evne til å ta til seg næring og på sikt vil oljen truleg også kunne bli nytta i produksjon av fôr til torsk og andre oppdrettsartar. Olje til menneskekonsum Lakseoljen frå Marine Harvest vert også nytta som tilsetting i andre matvarer eller som kosstilskot. -Her snakkar vi om ein raffinert og fersk olje av god kvalitet. Det at den er så fersk gjer at den både smakar og luktar lite. Difor kan vi nytte den i produkt som leverpostei, yoghurt og jus, seier Farstad og legg til at selskapet skal satse vidare på utvikling av desse produkta.