Laksepålegg gir god råstoffutnytting
I desse dagar lanserar vidareforedlingsselskapet Norsk Sjømat i samarbeid med Norgesgruppen to nye laksepålegg på marknaden. - Satsinga vil gi svært god utnytting av råstoffet, seier Jørn Gjerde i Norsk Sjømat.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Norsk Sjømat AS held til på Strand i Møre og Romsdal og selskapet produserar i utgangspunktet ulike typar produkt av fersk, røykte og grava fisk.
Eit av hovudprodukta er lakseporsjonar med eit kutt som gjer at delar av fileten ikkje vert nytta i denne produksjonen. - Når vi lagar lakseporsjonar vert det gjort eit senterkutt, noko som gjer at fisk både frå halestykket og bukstykket vert til overs, seier Jørn Gjerde i Norsk Sjømat til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no. Han viser til at dette gir dagferskt råstoff som det er viktig å utnytte på best mogeleg måte. Og då passar det bra å bruke det i produksjon av ferske påleggsprodukt.
To nye laksepålegg Selskapet har i første runde valt å utvikle to typar laksepålegg der dei samarbeidar med Norgesgruppen. Dette er lakserull naturell og lakserull pastrami, som er pakka på same måten som vanleg kokt skinkepålegg. Men det føreligg også planar for utvikling av fleire typar fiskepålegg innanfor det same sortimentet.
Ikkje blandingsprodukt Stranda Sjømat har sett seg som mål å lage ferdigvarer som inneheld mest mogeleg laks. Produktet inneheld 95 prosent laks og er framstilt som ei skinke som blir dampa og sleisa. før det blir lagt i pakningen.
I første rekkje handlar det om lansering av lakserull gjennom Norgesgruppen si merkevare Fiskemannen. Men når dei har fått respons på dette produktet frå innlandsmarknaden, er det i fylgje Gjerde også eit mål å prøve seg i eksportmarknaden. Les også