
Laksetrapp i Kvinnherad offisielt opna
Laurdag ettermiddag vart laksetrappa i Seimsfossen i Kvinnherad Kommune opna med pomp og prakt. Den offisielle opninga vart feira med storfint besøk frå Frank Bakke-Jensen i næringskomiteen på Stortinget.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Programmet for dagen bestod av velkomst av styremedlem Gøril Guddal, deretter spelte Irene Bjørke på fele til eit stort oppmøtt bygdepublikum frå den langstrakte kommunen. Frank Bakke-Jensen i næringskomiteen på Stortinget var gudfar og fekk æra av å opne luka så vatnet straumte ned fossen, til stor jubel.

Guddalselva har hatt fisketrapp heilt sidan 1941, og sidan den gong er det bygd fleire fisketrapper. Arbeidet med den nye laksetrappa starta i 2014 på initiativ av Guddalsdalen Elveeigarlag.
Trappa er eit prosjekt som er tilpassa både sjøaure og laks med meir optimal utforming enn den gamle, og stod ferdigstilt i mai.
- Bakgrunn for å lage ei ny trapp var at den eksisterande trappa ikkje fungerte optimalt. Me håpar no at meir laks og aure skal ta turen opp elva, fortel Jarle Fossheim, styremedlem i elveeigarlaget.
Oppdrettarane bidrar
- Sju forskjellige oppdrettsselskap har spytta inn hele 650 000 kroner i prosjektet, fortsetter han.
Deriblant Bremnes Seashore, Alsaker Fjordbruk, Marine Harvest, Sjøtroll, Lingalaks, Tombre og Eide Fjordbruk.
Prosjektet har ein totalverdi på ein million kroner.
- Vi er kjempe nøgde med sponsinga frå oppdrettarane, dei har ikkje kome med nokre krav for pengane dei har bidratt med. Det einaste dei fremja var eit ynskje om eit skilt som forklarte om laksetrappa og kven som har bidrege med midlane. Skiltet kom på plass fredag og er et flott og informativt skilt, skryt Fossheim til Kyst.no.
Andre bidragsytarar var Miljødirektoratet som gav 100 000 kroner, eit kommunalt fiskefond frå Kvinnherad kommune bidrog med 150 000 kroner og 45 000 kroner frå Fylkesmannen i Hordaland. Resten av summen er da elveeigarlaget og lokale bidragsytarar som har kome opp med.
Estetisk trapp

- Sidan me fekk inn meir pengar enn me hadde sett for oss, har me fått gjort meir estetisk arbeid rundt trappa. Der har me blant anna fått bygd sikringar rundt trappa, så pengane har kome godt med, legg han til.
På opningsdagen var også representantar frå dei fleste oppdrettsselskapa godt representert.
Den nye trappa består av 11 kammer i betong, som gjer det lettare for fisken å vandra oppover elva. Dei er alt frå 35-50 cm høge. Trappa har også ein tunnel som er skåret inn i fjellet med diamantwier.
- Estetikk var viktig for oss i arbeidet med trappa, og no ser trappa veldig flott ut. Me ser at laksen har godt innsig i den nye trappa, medan sjøauren går framleis i den gamle, seier Fossheim til Kyst.no.
Entreprenør Herlaug Skjeles har utført jobben.
- Me meinar dei har gjort ein utruleg flott jobb. Dei har stått på, og var ikkje redd for å verta blaute. Mykje av arbeidet vart gjort i fossen, men dei var heldige med både vêr og forhald då dei utførte den vanskelegaste jobben. Så alt i alt har arbeidet gått strålande, avsluttar han engasjert.
- Konsulent Kåre Myhre har designa og teikna trappa.
- Prosjektet er finansiert av 7 forskjellege oppdrettarar.
- Trappa vart ferdigstilt i mai 2015.
- Initiativtakar til trappa: sittande styret i Guddal elveigarlag.
- Den gamle fisketrappa skal framleis stå, sidan Havforskingsinstituttet arbeidar med laksefella og registrering av fisk framleis, kjem det fram.
Du kan sjå fleire bileter under.

