Leverer begjering til skifteretten
Styret i Bremanger Fryseri har vedtatt å slå seg sjølv konkurs. Bedrifta sysselset 15 personar.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
-Vi har ikkje meir pengar til innkjøp av råstoff, og 1200 tonn sild på lager vi ikkje får selt, så det var ikkje nokon annan utveg enn å sende inn ei begjering til skifteretten om at vi må avvikle selskapet. Det seier styreleiar Jan Torvanger til Fjordenes Tidende. Bremanger Fryseri har ei pantegjeld på 1,5 millionar kroner og ei levrandørgjeld utan garantiar på om lag ein halv million, men det er marknadssituasjonen med høge innkjøpspriasar på råstoff som har vore hovudutfordringa for selskapet, skriv avisa.