Lisbeth forventar vekst
- Vi står på terskelen til eit nytt haveventyr. Det sa fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen då ho opna fiskerimessa Nor-Fishing 2012 i Trondheim i dag.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Berg-Hansen sa at vi i åra framover vil kunne oppleve ein betydeleg vekst i verdiskapinga og i ringverknader frå dagens sjømatnæring.
Dei lovande framtidsutsiktene kjem fram i den ferske rapporten ”Verdiskaping basert på produktive hav i 2050”. På grunn av eit stort behov for vekst i matproduksjonen, auka kjøpekraft og etterspørsel etter sunnare produkt, kan den norske sjømatnæringa i 2050 få ein omsetningsverdi på 550 mrd. kroner, i følgje rapporten. Det er ei seksdobling frå 2010, skriv Fiskeri- og kystdepartementet i ei pressemelding.
- Vi er berre i startfasen av å hauste frå havområda våre, og Noreg står på terskelen til eit nytt haveventyr. Etterspørselen etter sjømat aukar, samtidig som ny forsking dannar grunnlaget for nye produkt og næringar, sa Berg-Hansen.
Fiskeri- og kystministeren meiner at sjømatnæringa vil få stadig meir å seie for landet vårt.
- Dette er ei næring med eit evig perspektiv. Dersom vi forvaltar havet vårt berekraftig vil sjømatnæringa vere avgjerande for norsk økonomi i all framtid.
Rapporten er utarbeidd av ei arbeidsgruppe oppnemnd av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab og Norges Tekniske Vitenskapsakademi og vert presentert under Sintef sitt hovudseminar i Trondheim torsdag 16. august.