
Lisbeth svarar ikkje på spørsmål om underrapportering
Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen har fått med seg at det går ein diskusjon om underrapportering i fisket etter villaks, men ho vil ikkje diskutere saka offentleg. - Dette er Miljøvernministeren sitt ansvarsområde, seier Berg-Hansen.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Gjennom intervju og kommentarar på Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no og andre medium har Frode Reppe i Frøya Arbeidarparti hevda at det føregår ei omfattande underrapportering av fangstar i mange lakseelvar, og at grunnlaget for forvaltninga av villaksen difor er heilt feil slik det føregår i dag.
I tillegg har Sør-Trøndelag Arbeidarparti gjort vedtak på årsmøte om at Fiskeridirektoratet må få delansvar for forvaltninga av villaksen saman med Direktoratet for naturforvaltning, som har hovudansvaret i dag.
Berg-Hansen føl med i debatten
Men så langt har ikkje dette vore eit tema på høgt politisk nivå, og Berg-Hansen vil heller ikkje uttale seg til media om saka.
- Eg har fått med meg debatten, men vil ikkje gå ut i ein offentleg diskusjon om dette. Det er miljøvernministeren som har ansvaret, og det er han som må svare på spørsmål knytt til rapporteringsrutinar og regelverk når det gjeld villaks, seier Berg-Hansen til Norsk Fiskeoppdrett/Kystno.
Berg-Hansen har fiskehelseansvaret
Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for villaksen når det gjeld fiskehelse, og ho er heilt klar på at forvaltninga på alle områder må vere basert på kunnskapar.
Statsråden framheva også at det har vore eit godt samarbeid mellom dei to departementa sjølv om dei har ulike ansvarsområde.
- Eg har ikkje snakka med Bård Vegar Solhjell om dette etter han vart statsråd i Miljøverndepartementet, men eg og Erik Solheim hadde ein god dialog, og eg er sikker på at eg og Solhjell skal få det same, seier Berg-Hansen.