laksefiske, villaks

Lite rømd laks i elvane på Vestlandet

Undersøkingar som selskapet Rådgivande Biologar i Bergen har gjort syner at det var eit lågt innslaget av rømd oppdrettslaks i elvane på Vestlandet i 2011.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Resultata frå overvaking av sportsfiskefangstane frå 2011 i elvane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane syner ifylgje Rådgivande Biologar eit lågt innslag av rømt oppdrettslaks.

Dette gjeld mengda med rømd fisk som er fanga, men også andelen av den totale laksefangsten i elvane, noko som også skuldast samla sett høge fangstar av villaks i 2011. Selskapet presenterar no resultat frå eit utval elvar der dei har seriar med representative tal, og der resultata frå 2011 er ferdig.

Les rapportane frå Rådgivande Biologar her

Tala for heile landet blir presentert i dag

Etter det Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no kjenner til skal fangsstala for villakssesongen 2011 presenterast på Statistisk Sentralbyrå sine nettsider i dag 27 januar. Men så langt er det berre tala for 2010 og tidlegare som er tilgjengeleg.

Statistikk SSB: Elvefiske etter laks, sjøaure og sjørøye.