
- Lusefritt i Aust- Finnmark
Dharma Rajeswaran i Villa Artic ønskjer å få fram at problema med lakselus ikkje gjeld heile landet slik det kjem fram i media. -Alle skriv om problema, men at dette ikkje gjeld alle, er det ingen som nemner, seier Rajeswaran og viser til at Aust-Finnmark er ein lusefri region.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Medan diskusjonen om lakselus og korleis næringa skal løyse desse problema, herjar som verst i media, er det mange aktørar som føler dei vert påført problem som ikkje er reelle.
Regionsjef Dharma Rajeswaran i Villa Artic i Finnmark ønskjer å få fram at det nærmast ikkje finst lus på fisken i Aust-Finnmark og at situasjonen elles i landet heller ikkje er så einsretta som det kan sjå ut som. -Det står mykje i avisene om problem med lakselus, men ingen snakkar om at dette ikkje gjeld heile landet, seier Rajesewaran til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no. I tillegg til Finnmark kjenner han til mange områder på Vestlandet som aldri har hatt problem med lakselus. Det er ikkje få som har hevda at det er for kaldt i sjøen til å drive med oppdrett av laks i Aust-Finnmark, og ei historie med mange konkursar, syner at ein har hatt periodar der problema for oppdrettarane som har prøvd å drive i regionen, har stått i kø. Men Rajeswaran som har jobba med laks i Aust-Finnmark i mange år, framhevar at det også har sine positive sider å produsere fisk i vatn med ein gjennomsnittstemperatur på 5.5 grader. -Vi har hatt tøffe år, og vi kan ikkje skjule at veksttida er lenger her enn i sør, men når det gjeld lakselus er det faktisk positivt at vatnet er kaldt, seier Rajeswaran. Han viser til at laksen som vert produsert så langt nord vert sølvblå og fin i skinnet og at dette handlar om at fisken veks opp i reint, klart og kaldt vatn.