
- Lusesaka er tatt ut av proporsjonar
Administrerande direktør Håkon Volden i Grieg Seafood meinar saka om mykje lus på ein lokalitet som selskapet har ved Steinvikneset i Loppa kommune er tatt heilt ut av proporsjonar. Han er ikkje imponert over måten Mattilsynet har handsama saka på.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Lusetala for september som er presentert på lusedata.no viser ein situasjon i Finnmark som kom svært utventa på mange. Tala viser eit høgt gjennomsnitt for heile fylket, men det er spesielt ein av lokalitetane til Grieg Seafood Finnmark som trekke nivået opp.
Selskapet har vore klar over situasjonen ei stund, og har i fylgje Volden gjort nødvendige tiltak. Difor meinar han at Mattilsynet er med å ta saka ut av proporsjonar mellom anna ved å presentere bilete av dei fiskane som har aller mest lus. Det gir eit inntrykk av at alle ser slik ut, noko som i fylgje Volden er heilt feil.
Lang leveringstid Ovanfor NRK fortel Mattilsynet at selskapet ikkje har vore flinke nok til å telje lus, og at det manglar rapportar, men dette meinar Volden også er feil. Det var i fylgje han ein rapport som ikkje var registrer, men dei hadde kontroll over situasjonen og hadde bestilt slice. Problemet var at dette som vanlegvis tek opp mot fjorten dagar, tok tre veker denne gongen, Og det skjedde i ein perioden med forholdsvis høge sjøtemperaturar, noko som var med å endre situasjonen raskt.
Vanskeleg med badebehandling På spørsmål om kvifor selskapet ikkje valde å badebehandle fisken sidan det tok lang tid med leveringa av medisinfôr, seier Volden at dei ikkje ønskjer å bruke bademiddel om hausten. - På hausten er vi avhengig av den preventive effekten som slice gir oss. Ved badebehandling er det større sjanse for nytt påslag og det er ikkje bra dersom vi må til med ei ny behandling seinare når temperaturane er gått under sju grader. Det er ikkje bra å utsette fisken for stress på så låge temperaturar, seier Volden. Han viser til at dei også badebehandlar fisk, men det gjeld berre den som skal slaktast. Les også: - Viktig å melde medisinfôrbehov i tide