
Lutefiskprisen til Arktisk Meny
Den årlege lutefiskprisen som Vertshuset Skarven i Tromsø deler ut i samband med opninga av sesongen, gjekk i år til Arktisk Meny. -Å få ein slik pris frå ein restaurant er veldig kjekt. Det er jo dei vi jobbar for og det er flott at dei set pris på det arbeidet vi gjer, seier prosjektleiar Annbjørg Reiersen i Arktisk Meny til kyst.no.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
![]() |
Foto: Lill H. Steen |
Neste veke gjennomfører Arktisk Meny og Vertshuset Skarven kurs for restaurantar i Nord Norge som skal gi betre kjennskap til tørrfisk som råvare, og for å utvikle nye rettar av tørrfisk.