Mager fisk gir omega 3
Feit fisk er kjende kjelder til omega 3, men ei ny undersøking dokumenterer at det også kan vere gode grunnar til å legge torsk og sei på tallerkenen. Magre fiskeslag er undervurdert som omega 3 kjelde.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
- Vi tenkjer på fisk generelt som sunt. Men strengt tatt har vi ikkje så mykje dokumentasjon på at mager fisk er bra for helsaMager fisk gir omega 3, seier forskar ved Nifes, Lisbeth Dahl i ei pressemelding.
Den nye studien, publisert i tidsskriftet Lipids, er dermed blant dei første kosthaldsundersøkingane som viser at også mager fisk kan tilføre oss DHA, ei av dei viktige omega 3-feittsyrene. DHA er særleg viktig for at hjerne og auge skal utvikle seg og fungere optimalt.
I forsøket fekk 30 vaksne menn og kvinner mellom 20 og 40 år eit måltid torsk på 150 gram kvar dag i 14 dagar medan ei anna like stor gruppe fekk laks. Analysar av blodprøver etter forsøket viste ein vesentleg auke av DHA i blodet hos begge grupper. I tillegg vart innhaldet av feittstoff i blodet redusert (triglyserid) i begge grupper.
- Undersøkinga viser at ein kan auke innhaldet av omega-3 feittsyra DHA i blodet ganske raskt ved å ete mager fisk. Men det viktigaste er framleis å ete variert, og få i seg både feit og mager fisk, seier Dahl.
Studien er utført i samarbeid med Universitetet i Oslo og Akershus universitetssjukehus.