Thomas Farstad

Matfiskprodusentane må bidra meir til FoU

Havbruk 2010: Fungerande konsernsjef i Marine Harvest Thomas Farstad meinar matfiskprodusentane bør satse meir på forsking og utvikling.- Innsatsen frå den delen av næringa er mykje lågare enn for anna norsk næringsliv, seier Farstad.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Thomas Farstad hadde fått i oppdrag å snakke om samspelet mellom forsking og næringsutvikling i sitt føredrag under Forskingsrådet sin programkonferanse Havbruk 2010. Den vert arrangert i Trondheim denne veka. Han la spesielt vekt på behovet for eit felles løft frå oppdrettarane si side. -Innsatsen innan FoU frå næringa i sin heilskap, er ikkje så verst, men statistikken er missvisande. Slik det er i dag er det leverandørane som yte mest på dette området, medan innsatsen frå matfiskprodusentane er heller låg, og det gjeld også Marine Harvest, seier Farstad.

Farrstad viser til at sjølv om det handlar om ei moderne og kunnskapsbasert næring, så er det meir ein ikkje veit enn det ein veit. -Det er mange problem som enno ikkje er løyst og vegen fram er lang, framhevar han.

Svinn som eit av to hovudproblem Den fungerande konsernsjefen i Marine Harvest ga to eksempel på behovet for auka FoU innsats. Det eine handlar om svinn, og på dette området meinar han det har skjedd veldig lite dei siste åra. Han framhevar at løysinga ikkje berre er å utvikle nye vaksiner, men også inndeling av produksjonen i soner og vurdere lukka transport av fisk for å unngå spreiing av fiskesjukdomar. -Vi veit ikkje eksakt kor mykje fiskehelseproblema kostar næringa i året, men vi veit at dagens innsats i høve til FoU på dette området er altfor låg.

Lakselusa kan ta knekken på næringa Det andre eksempelet som Farstsad framhevar i høve til kva innsatsområde næringa bør fokusere på, er problema knytt til lakselus og resistente lusemiddel. -Den største utfordringa er ikkje talet på lus, men at effekten av lusemiddela raskt er i ferd med å avta, seier han og viser til at problemet med resistente lusemiddel auka sterkt berre på nokre få år, og at kostnadane med lusebehandling er venta å auke kraftig.

I same badevatnet Thomas Farstad meinar næringa har eit stort løft framfor seg innanfor FoU og at alle må dra i lag. I tillegg må ein kartlegge kva forsking som faktisk skjer og kva ein vil få behov for i framtida. - I tillegg til meir offentleg satsing på forsking, treng vi også meir finansiering frå næringa si side. Det kan skje med avgifter, eller med ei kollektiv oppslutning om eit felles kunnskapsløft. Næringa er betre tent med eit frivillig kollektivt løft, kor vi sjølv kan styra FoU-midlane enn at styresmaktene pålegg oss ei ny avgift. Vi oppheld oss i same badevatnet og må handle deretter, seier Farstad til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.