
– Me prioriterar kvalitet på laksen føre effektivitet
På Alsaker Fjordbruk sitt slakteri «Vikingfjord AS», er det mykje liv og røre frå tidleg morgon. Bedrifta har dei siste åra hatt mottoet kvalitet føre effektivitet i produksjonen, og har difor satt fokus på å få best mogleg laks under heile slakteprosessen, heilt til fisken ligg på is.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Det tradisjonsrike slakteriet på Sunde i Kvinnherad, har mellom 70 til 80 tilsette daglig i produksjonen. Bedrifta slaktar nesten berre fisk frå Alsaker Fjordbruk sine anlegg.
Daglig leiar Ingve Bjarte Berge, seier til Kyst.no at dei slaktar 99 prosent laks frå Tysnesbedrifta Alsaker, den andre manglande prosenten utgjer omkring to dagar i året der dei slaktar laks frå andre selskap.

Større fokus på hygiene
Bedrifta slaktar dagleg omkring 15 tonn laks i timen. Det går berre nokre timar frå laksen pumpast inn frå ventemerden, til den ligg i kassen.
- Dei siste åra eg har vore leiar, har fokuset vårt vore på å ha best mogleg kvalitet på laksen me produserer. Me prioriterar kvalitet på laksen føre effektivitet, seier Ingve Berge.
Han legg til at det har blitt eit merkbart større fokus på hygiene, vedlikehald av maskinar samt handteringa av fisken. Den kvaliteten fisken får gjennom heile prosessen frå ventemerd til den ligg i kassa er merkbart auka, hevdar han.
- Maskinane er utstyrt mykje betre no, med tanke på vedlikehald og reinhald. Det er enklare for oss å behandle fisken meir skånsamt enn kva det var tidlegare. Men det skal også seiast at tidlegare var kanskje fokuset meir på effektivitet og ikkje kvalitet, tykkjer han.
Han merkar at kundane og grossistane er meir opptekne av fisken sin kvalitet og korleis den er handtert.
Laks til Asia og Europa
Bedrifta seljer direkte til grossist og har per dags dato ikkje noko laks som går til den norske marknaden.
I fjor produserte selskapet 25 000 tonn laks, medan i år satsar Berge, på å liggje rundt 27 000 tonn laks.
Totalt har selskapet ein slaktekapasitet tett mot 30 000 tonn per år, men Berge trur bedrifta kan klare 40 000 tonn, men då ville bedrifta hatt ti-timars skift året rundt.
Meir om korleis fisken blir behandla frå ventemerd til den ligg i kassen, og korleis Vikingfjord-slakteriet skal unngå rømmingar, kan du lesa om i Norsk Fiskeoppdrett nummer ti.
