Bjørn Inge Vågsholm

Meir fart og straum løyser bedøvings-problema

Det gjekk bra veldig lenge, men plutselig fekk laksen ryggknekk og blodflekkar ved bedøving. Oppjustering av farten og straumstyrken løyser problema, men administrerande direktør Bjørn Inge Vågsholm i Kirkenes Prosessing trur også det kan vere noko anna som påverkar fisken i nord.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Kirkenes Prosessing på Jakobsnes brukte el-bedøvaren til Seaside AS i eit og eit halvt år utan at dei hadde problem med ryggknekk og blodflekkar i heile tatt. Men då dei starta å slakte ein ny generasjon med laks hausten 2010 endra situasjonen seg, og det kunne sjå ut som at el-bedøvaren knekte ryggen på ein del av fisken. Dette gav også blodflekkar i fiskekjøtet. Men problema forsvann igjen når dei gjekk opp på straumstyrke og auka farten på bandet som leda fisken gjennom bedøvaren. -Etter vi gjorde det, har vi ikkje fått klager, eller utslag på eigne testar, seier Vågsholm til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Selskapet slakta også aure i heile den perioden dei hadde problem med ryggknekk på laksen, men auren har i fylgje Vågsholm vore veldig fin heile tida.

Fleire teoriar Kirkenes Prosessing jobba intenst med å finne ut kva som var årsaka då dei hadde problem med laksen i haust, men så langt har dei ikkje funne ut noko anna enn at det går heilt fint når ein brukar sterkare straum og raskare gjennomstrøyming.

Men Vågsholm har registrert at mange av slakteria som er lokalisert i området frå Nordland og nordover, og som brukar Seaside sin el-bedøvar, hadde liknande problem som Kirkenes Prosessing før straumstyrken på bedøvaren vart justert opp. Det same skal ikkje ha skjedd med fisk som er produsert i Trøndelag og sørover. Difor trur han dette kan ha noko å gjere med laksen sitt opptak av mineralar. I periodar kan det sjå ut til at fisken i nord brukar opp mineralar som ligg i beinstrukturen til å vedlikehalde muskulaturen. -Eg ser i alle fall at fisken her i Finnmark er gråare i beinstrukturen, enn det den er sørafor, så det kan jo vere eit teikn på at den har mindre mineralar og at ein kanskje kan justere det med fôret, seier Vågsholm. Men han legg til at dette berre er noko han har tenkt på. Dei har ikkje testa det ut på nokon måte.

Effektiv produksjon På lik linje med mange andre selskap som brukar el-bedøvaren til Seaside AS har Kirkenes Prosessing også investert i fiskevendaren som er utvikla av Melbu systems. Og desse fungerar i fylgje Vågsholm veldig godt ilag. -Meir enn 99 prosent av fisken går rett veg inn i el-bedøvaren etter vi fekk fiskevendaren på plass, så produksjonsteknisk fungerar dette veldig bra for oss, seier Vågsholm til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no til slutt.

Les også: Bedøvingsutstyret er på plass