
Meir laks frå Nordlaks
Nordlaks vart etablert med ein konsesjon i 1989. I dag har selskapet 23 konsesjonar for laks og aure og er enno lokalt eigd. I tillegg slaktar selskapet for fleire andre oppdrettarar i nærområdet.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Nordlaks har vore igjennom ei storstilt utbygging og i februar i år kunne selskapet feire eit nybygg på omlag 3000 kvadratmeter og ein auke i innfrysingskapasiteten frå 20 til 80 tonn i døgnet. Investeringane var på omlag 100 millionar kroner og selskapet har rundt 350 arbeidsplassar Sterk produksjonsauke I 2005 hadde Nordlaks Produkter AS eit slaktevolum på omlag 25 000 tonn medan det i år er venta eit volum på 40 000 tonn. -Årsaka er jo at verdsmarknaden for laks har auka sterkt dei siste åra, på same tid som vi har mykje større kapasitet på anlegget no enn for to år sidan, seier Tor Anders Elvegård til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Fleire produsentar -Nordlaks Oppdrett AS har hatt ein vekst i matfiskproduksjonen dei siste åra, men vi har også fått fleire kundar som slaktar fisken på anlegget vårt, seier Elvegård og legg til at produksjonsveksten også gjev fleire arbeidsplassar.