
Merkeordning gjev hylleplass
Tromsø: KSL Matmerk sitt merke "Spesialitet", gjev hylleplass i butikkane. Så langt har 11 sjømatprodukt frå fire sjømatbedrifter fått godkjenning.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Forbrukarane stiller stadig strengare krav til kvaliteten på produkta dei kjøper. Men viljen til å betale for god kvalitet og spesielle produkt er også aukande. I fylgje Bernt Ellingsen i KSL Matmerk, er tre av fem forbrukarar villige til å betale 15 prosent meir for mat med god kvalitet. Ein av ti er villige til å betale 25 prosent meir for kvalitetsmat. KSL Matmerk sitt merke "Spesialitet" gjeld for produkt som er produsert i Noreg med spesielle kvalitetar når det gjeld råvarebruk, produksjonsmetode og smak. Ordninga omfattar også nyvinningar. Produkta må representere noko spesielt i høve til dei meir ordinære produkta i butikken. -Ordninga med merket "Spesialitet" er med å synleggjere eit mangfald av eigenskapar til mat produsert på norske råvarer. Det er med å fremje eksklusiv matkultur og tradisjonsmat og det medfører næringsutvikling og lønsemd for bedriftene. I tillegg hjelpe det forbrukarane med å finne god norsk mat, seier Ellingsen. Så langt har fire norske sjømatbedrifter fått godkjent til saman 11 produkt med merket "Spesialitet". Det er Finny Sirevaag AS med reker i lake, Lofotprodukt AS med røykt laks og aure, Sunnmøre Røykeri med røykte fiskeprodukt og røykt økologisk laks og Troll Salmon med produkt av laks. -Vi har opplevd at arbeidet med å få godkjenning også gjev bedriftene større kunnskapar om eige produkt, profilering av produktet og historia rundt det, seier Ellingsen. KSL Matmerk si ordning med merket "Spesialitet" gjev produkta plass i norske supermarknadskjedar. KSL Matmerk har i dag avtale med Norges Gruppen og Coop i tillegg til samarbeid på prosjektbasis med Rica-kjeda. Bernt Ellingsen i KSL Matmerk presenterte denne og andre merkeordningar for studentane på Noregs Fiskerihøgskule på konferansen "Håp i Havet" sist veke.