Merkeregisteret for fiskefartøy på anbod
Finansdepartementet kunngjorde i går ein anbodskonkurranse om overtaking og drift av det sentrale småbåtregisteret. Spørsmålet vi stiller er om merkeregisteret for fiskefartøy også må leggjast ut på anbod, skriv fiskarlaget.no.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
I etterkant av etableringa av dei nye årlege gebyra for å stå i merkeregisteret, er det kanskje rett og reise spørsmålet om ikkje også denne tjenesta bør setjast ut på anbod, slik Finansdepartementet har gjort med det sentrale småbåtregisteret. Det bør i alle fall ikkje vere sterke grunnar for at dette ikkje kan vurderast. Norges Fiskarlag er opptatt av at kostnaden med å stå i merkeregisteret gjenspeilar det det reelt kostar å halde tjenesta oppdatert. Ei anbodsrunde vil kunne identifisere den kostnaden so godt som mulig.