Villaks som hopper

Mindre fangst av laks og sjøaure i elvane

Det vart fiska 6703 kilo laks, og 2610 kilo sjøaure i elvane i Hordaland i 2008. Dette er ein av dei dårlegaste fiskesesongane som er registret dei siste 10 åra.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Forklaringa på dei reduserte laksefangstane er i hovudsak restriksjonar som vart innført før sesongen, meldar Fylkesmannen i Hordaland. Ei rekke elvar fekk redusert fisketid, og i nokre vart det innført strenge døgnkvotar for kvar fiskar. Tysseelva i Samnanger og Ådlandsvassdraget på Stord var stengt for fiske denne sesongen. Det er særleg smålaksen som har svikta i elvane. Fangst av mellom- og storlaks er omtrent som på det jamne dei siste 10 åra. Fangsten av smålaks er det lågaste som er registrert på meir enn 15 år. Fangst av sjøaure har òg vorte redusert på grunn av dei nye restriksjonane. Nesten alle sjøaureelvane fekk redusert fisketid i 2008. Det er likevel ein klar tendens til nedgang i fangsten av sjøaure dei fleste stader på Vestlandet dei siste tre åra. Fangstane var på eit historisk lågmål i 2006, og var berre 68 kilo meir i år. I Nordhordland, ser dei fleste sjøaurestammane framleis ut til å vere sterke.

Mykje rømt oppdrettslaks i elvane Ein vesentleg del av fangsten av laks i elvane er rømt oppdrettsfisk. Ut frå førebelse tal, ser det ut til det er fanga litt mindre rømt laks i år enn i 2007. Mengdene er langt under det som var vanleg på nittitalet, men likevel mykje for høgt til at laksestammane kan tole det i lengda. Les rapportane om elvefiske i Hordaland her http://www.fylkesmannen.no/hoved.aspx?m=1166&amid=2399302