Mistanke om ILA i Salangen
Det er mistanke om utbrot av ILA på ein av lokalitetane til oppdrettsbedrifta Salaks i Salangen kommune. Mistanken baserer seg på laboratoriefunn ved vanlege undersøkingar for å oppklare auka dødstal i anlegget, seier Hilde Haug i Mattilsynet til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Etter Salaks melde frå om at dei har mistanke om utbrot av ILA på ein av lokalitetane, har Mattilsynet vore på anlegget og tatt fleire prøver. Resultatet frå desse prøvane vert ikkje klart før førstkomande fredag. På lokaliteten der det føreligg mistanke om ILA er det i dag 690 000 laks med ei snittvekt på 1.5 kilo, og 46 000 tusen aure med ei snittvekt på 475 gram. Lokaliteten er pålagt restriksjonar i følgje krava i ”Forskrift om forebygging, begrensning og utrydding av sykdommer hos akvatiske organismer”, og det er oppretta ei midlartidig sone med auka overvaking i anlegget og forbod mot flytting av laksefisk inn, ut og gjennom sona utan særskilt løyve frå Mattilsynet. -Sona vert avgrensa i nord av ei rett linje mellom Skjærvika (33W 055 445) i aust og Mjøsundneset (33W 988 445) i vest. Kartblad 1432-IV (M-711). -I vest vert sona avgrensa av ei rett linje mellom Mjøsundneset (33W 988 445) i nord og Jektvika (33W 970 440) i sør. Kartblad 1432-IV (M-711). -I sørvest er sona avgrensa av ei rett linje mellom Øyra (33W 997 375) i aust og Kråkrø, utløp ved Storelva, (33W 968 385) i vest. Kartblad 1432-IV og 1332-I (M-711).