
Mykje ILA i nord
I 2006 vart det berre påvist tre tilfeller av ILA, men så langt i år har Mattilsynet stadfesta fem tilfeller. Alle desse er registrert i sørlege delar av Troms og nord i Nordland. Avdelingsdirektør ved Veterinærinstituttet Brit Hjeltnes ønskjer ikkje trekkje nokre konklusjonar enno.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit I 2006 vart det stadfesta to tilfeller av ILA i Finnmark og eit i Møre og Romsdal. Samanlikna med tidlegare år var dette svært positive tal. Avdelingsdirektør Brit Hjeltnes ved Veterinærinstituttet har tidlegare påpeika at det har vært for tidleg å sprette champagnen, fordi dette kan vere naturlege svingingar. Stadfesting av fem tilfelle så langt i år; eit i Salten og eit i Øksnes - begge i Nordland - og tre tilfeller Sør-Troms; to i Astafjordbassenget og eit i nærleiken av Harstad, kan tyde på at 2007 ikkje blir eit like positivt år som i fjor. Fleire årsaker Hjeltnes vil ikkje spekulere i årsaka til at det så langt i år er stadfesta fem tilfelle i ein region, men vil sjå nærmare på saka. -Eg har registret at det har vore mange utbrot nord i Nordland og sør i Troms, og dette kan ha fleire årsaker, men det er forholdsvis ferske diagnosar og vi må ha alle data plass før vi kan sjå heilheita i dette, seier Hjeltnes til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Toppår i 2004 Statistikken over stadfesta tilfeller av ILA frå 2002 og fram til 2006 syner at vi hadde eit toppår med heile 16 tilfeller i 2004. 2002:12 ILA-tilfelle 2003:8 ILA- tilfelle 2004:16 ILA- tilfelle 2005:11 ILA- tilfelle 2006:3 ILA- tilfelle