
– Mykje lus, men eit eventyrleg laksefiske
-Innsiget av villaks til elvane Gaula og Nausta i Sunnfjord er over all forventning, men i juli har det vore urovekkande mykje lus på den laksen som går opp i Gaula. Det seier Atle Frøysland i selskapet Fabelaktiv AS.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Den 19 juli i år var det fiska 210 villaks i elva Gaula i Sunnfjord på retten til Lervik på nordsida under Osfossen, noko som i fylgje Atle Frøysland er eit resultat langt over det som var venta. I heile sesongen i fjor vart det fiska 169 laks, medan talet var 250 laks i 2008. -Det som er aller viktigast er at det har kome så mykje smålaks oppatt i elvane. Her er resultatet mykje meir positivt enn det eg hadde trudd, seier Frøysland.
Nye laksegrupper I motsetning til tidlegare har ein i år hatt innsig av laks med mange ulike storleikar til elvane Gaula og Nausta i Sunnfjord. Den minste gruppa er frå 1 til 1.2 kilo. Denne laksen er i dårleg kondisjon og ber sterkt preg av at den har funne lite mat i havet. Den andre gruppa er meir normal smålaks med storleik frå 1.6 til 2 kilo. Laks med denne storleiken har tydelegvis oppheldt seg i havområde med god mattilgang.
Den tredje gruppa Frøysland viser til er laks frå 2.5 til 3.5 kilo som har stått to år i havet. Den er liten i høvet til den laksen som vanlegvis kjem inn etter to vintrar i havet, men den er i svært god kondisjon. Det er også eit godt innsig av normal mellomlaks med ein storleik på mellom 4.5 og 5.5 kilo. Denne er også i svært god kondisjon. Innsiget av storlaks på over 7 kilo er som normalt, men på lik linje med dei fleste andre gruppene har denne laksen også god kondisjon. -Innsiget av laks til Nausta og Gaula har vore mykje betre enn vi hadde venta i år, men det at vi får innsig av laksegrupper med fleire storleikar enn det vi vanlegvis har, seier noko om den situasjonen vi har vore i når det gjeld mattilgangen i havet, og fylgjeeffektane av dette, seier Frøysland.
Uttaket i dei to elvane er tilpassa forventa innsig Sjølv om innsiget til dei to lakseelvane i Sunnfjord er mykje betre i år enn det ein trudde på førehand, har ein valt å tilpasse fisket til det som var forventa innsig. Fiskarane har ein personleg døgnkvote på avliving av ein laks under 2.5 kilo. Men det meste av holaksen vert likevel sett attende i elva. Samla sett er rundt 75 prosent av laksen som fiskarane har fått på kroken, sett attende til elva. -Vi har tilpassa oss den situasjonen vi har på beiteområda for laksen og avlivar ikkje laks over 2.5 kilo som ikkje er skada. Etter at vi har hatt den ståande i kar nokre timar for å sjekke at den er i god form, slepp vi den enten ut igjen i elva, eller så tar vi den til klekkeriet, seier Frøysland.
Ikkje berre fryd og gammen I fylgje Frøysland kan dei problema villaksen har med lakselus umogeleg vere så katastrofal som mange hevdar, med unnatak av einskilde område. Då hadde ein ikkje innsiget av laks i god kondisjon vore slik det er. Men alt er likevel ikkje berre positivt. I juni var lusenivået i dei to elvane kanskje betre enn dei siste åra, men i juli har ein registrert svært mykje lus på den laksen som går opp i Gaulavassdraget. -Dette er svært urovekkande, men det er ikkje verst for laksen. Lusa slepp at taket når den kjem opp i ferskvatn, men for sjøauren er dette eit stort problem, og eg råda oppdrettsnæringa til å ta det på alvor, seier Frøysland.
Men sjølv om han rettar ein peikefinger mot oppdrettsnæringa for problema med lakselus og rømming, er han også veldig klar på at ein del av dei som trur at dei kjempar for villaksen, står fram som kompetanselause. -På slutten av 50-talet og begynninga av 60-talet var den norske villaksebestanden på eit historisk lågt nivå. Men på 70 talet var fisket eventyrleg, så dette handlar også om naturlege svingingar på lik linje med alle andre bestandar, seier Frøysland og legg til at det aller viktigaste i denne samanhengen er at oppdrettsnæringa og villaksnæringa samarbeidar.