- Mykje villaks i havet
Det fyllest opp med villaks i fryseboksane til Øyvind Johnsen i Brandasund. Han har vore med på fisket med kilenot i snart 50 år, men har aldri før opplevd å få så mykje laks i juli månad som i år.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
- Eg har konsesjon for fire kilenøtene og når eg frå desse hentar opp så mykje fisk at det viser på båten, då er eg av den meining at det er mykje laks i havet, seier Øyvind Johnsen. - Eg kan ikkje minnast å ha henta opp så mange fine villaksar frå nøtene som under årets fiske, endå eg har vore med på dette fisket i snart fem tiår. Eine fryseboksen et alt full, den andre halvfull. Her er fiskar på over ti kilo. Etter runden til nøtene måndag kveld hadde eg 20 flotte laksar i båten. Det er ofte mest fisk når sjøen har flødd. Fangsten har mest vore eventyrleg så langt, seier Johnsen.