Nå blir det lakseproduksjon i Vadheimsfjorden
Sogn og Fjordane fylkeskommune har gitt løyve til lakseoppdrett i eit oppdrettsanlegg for torsk, og dermed går dei imot tilrådingane til staten og fylkesmannen.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Fylkeskommunen har gitt løyve til oppdrett av laks på eit anlegg i Vadheimsfjorden i Høyanger kommune som er berekna for torskeoppdrett, skriver Firda.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ueinig i avgjerda frå fylket.
- Det er på grunn av den store lakselusproblematikken i denne fjorden. Ikkje langt unna denne staden er det ein nasjonal laksefjord, seier fylkesmiljøsjef Nils Erling Yndesdal hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Lokaliteten Floteneset tilhøyrer i dag Nordfjord Forsøksstasjon AS og Aller Aqua AS.
Les også: Mattilsynet og Fylkeskommunen trossar Fylkesmannen
Fylkesmannen har sendt eit brev der dei rår fylket mot å gi løyve til lakseoppdrettet, men dei har inga moglegheit til å overprøve eller klage på avgjerda.
Les også: Fylkesmannen ynskjar ikkje å flytte lakseoppdrett i Sogn
Mange klagar på avgjerda
Fleire klager er sendt inn frå Høyanger Jakt og Fiskelag, Balestrand jeger - og fiskarlag, Miljøpartiet Det grøne og Raudt Høyanger. Rådmann og Høyanger kommune som også har vore skeptiske til endringane.
Medan fylkesmannen og andre frårår å drive lakseoppdrett i torskeanlegget Floteneset i Høyanger, har Mattilsynet godkjent prosjektet. Dei har etter lov om matproduksjon og mattryggleik gjeve løyve til å flytte lokaliteten og endre fiskeart på lokaliteten. Og det er dei fylkeskommunen rettar seg etter.