Oppdrettsanlegg med bøye. Illustrasjonsfoto: Pål Mugaas Jensen.

Naturvernforbundet protesterar mot utvida oppdrett i Lindås

Naturvernforbundet går mot ei oppdrettsutviding ved Ospeneset som vil gå inn på område for friluftsliv, melder Strilen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det går fram i ein høyringsuttale frå Naturvernforbundet Nordhordland som er send to dagar etter høyringsfristen gjekk ut 26. september.

– Me håpar likevel merknaden vert teken omsyn til, skriv leiar Jan Nordø, ifølge Strilen.

Ospeneset-lokaliteten ligg nordvest for Sævråsvåg i Lindås kommune. Der rømde det mellom 40-50.000 laks då Eide Fjordbruk sitt anlegg sleit seg i januar i år og det er sammen anlegg dei vil utvide. 

- Utvidinga legg beslag på eit større område i sjø som i kommuneplanen ikkje er avsett til akvakultur, men til «bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone». Utvidinga vil også ha negative konsekvensar for eit regionalt viktig område for friluftsliv, også på land, vurdert og verdsett av Hordaland fylkeskommune.

- Utvidinga skjer i eit område med stor potensiell rømmingsfare. Seks nye plastringar er ingen garanti for rømmingar i eit område som ligg svært utsett til i ekstremvind frå nordvest. Auka areal og prognosar for oftare stormar og meir ekstremvær i framtida kan tvert om auka rømmingsfaren.

- Etter sist vinters rømmingar frå fleire anlegg i Nordhordland, er Naturvernforbundet bekymra for dei negative miljøkonsekvensane slike rømmingar har for økosystema og villfisken i sjøområda i Nordhordland. Vi meiner tida er inne for ei meir restriktiv haldning til dei konsesjonane som er gitt og til nye konsesjonar.