Norsk kveite-sushi lansert i Hong Kong

Under Asias største storhushaldningsmesse HOFEX, som pågår akkurat no i Hong Kong, har Eksportutvalet for fisk (EFF) lansert kveite i sushi for sjømatimportørane i Asia. I fjor var 26 000 asiatar innom messa, melder EFF

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Ei rekke lekre rettar med Norsk Kveite vart lansert, saman med mykje god Norsk Laks. Den norske kveita fell i smak, seier fiskeriutsending Arne Hjeltnes. Innkjøparar og kokkar er svært så positive til kvaliteten på Norsk Kveite. Charmaine Cheung, som er utdanna japansk kokk, stod for serveringa og likte godt å arbeida med Norsk Kveite. - Konsistensen og ikkje minst den lekre kvite fargen passar veldig godt for det asiatiske markedet, seier ho. Mange av rettane Charmaine serverer under messa er rå kveite med ulike krydder og asiatiske urter. - Kveite egnar seg godt til sushi og japansk mat er noko av det flottaste folk her i Hong Kong veit, seier Charmaine og legg til at ho trur det gjer at kveita kan verta eit nytt innslag på menyane i aust. - At vi er med på messa, kan vonleg gjere at fleire får opp auga for norsk kveite, seier Karin Olsen, marknadskonsulent for Nye Arter i EFF. På kinesisk heiter kveite Bemok Yu, men sidan kveita frå Noreg er så kvit og fin, meinte ein av importørane at den bør kallas Bak Beimok Yu, som betyr Kvit Kveite. HOFEX vil halda fram heile veka.