30 år med norsk laks til Japan

Norsk lakseeksport gjennom 30 år

Tokyo: Eksporten av norsk laks til Japan har nesten vart like lenge som næringa sjølv. I går vart den feira med mottaking på Den norske ambassaden i Tokyo.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Bjørn Erik Olsen i Nofima fekk æra av å halde innleiingsføredraget på arrangementet på ambassaden i Tokyo i går, og han snakka om historia og utviklinga av lakseeksporten frå Noreg til Japan. Han viste mellom anna til at ”Prosjekt Japan” har hatt ei sentral rolle i dette arbeidet. Prosjektet skulle utvikle eksporten vidare, og vart innleia av Thor Listau som var fiskeriminister i perioden frå 1981 til 1985. Olsen snakka også om den norske laksen si rolle i høve til spreiinga av tradisjonen med sushi og sashimi til alle verdsdelar.

Professor Terutoshi Hibino ved Nagoya Keizai University Junior College framheva i sitt føredrag laksen si rolle i japansk matkultur gjennom 1000 år, og sa at akvakultur no gjer det mogeleg å få fersk laks som kan nyttast til sushi og sashimi. Noreg og norsk akvakultur har hatt ei sentral rolle i utviklinga av denne tradisjonen.

Hans Petter Næs i Eksportutvalet for fisk fekk avslutte fagseminaret om norsk lakseeksport til Japan, og han viste spesielt til at laksen er sunn og at den er populær blant  barn og unge. Han trur norsk laks har eit stort potensial for å få ei enno meir sentral rolle i japansk matkultur når denne generasjonen veks opp. Arrangementet vart avslutta med ei mottaking i Den norske ambassaden i Tokyo.