Håkon Volden

Ønskje ikkje å ufarleggjere lakselusa

Administrerande direktør Håkon Volden i Grieg Seafood meinar det manglar vitskapleg dokumentasjon på at lakselusa åleine kan redusere heile bestanden av villaks. Men han ønskje ikkje å ufarleggjere lakselusa.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Tidlegare denne månaden hadde Grieg Seafood og Mainstream ei kampanje i Finnmark Dagblad der dei to selskapa ønskte å informere om lakselus og kva næringa gjer for å hindre at lusa skal trivast spesielt godt i oppdrettsanlegga i nord.

I annonsa viser selskapa mellom anna til at det ikkje finst vitskapleg dokumentasjon på at lakselusa åleine kan redusere heile bestanden av villaks. Men påvising av høge lusetal i september i nokre av Grieg Seafood Finnmark sine anlegg i Loppa kommune har skapt debatt, og selskapet har fått kritikk for å prøve å gå i frå ansvaret. Mellom anna så hevdar Frode Staldvik ved Kunnskapssentrum for Laks og Vannmiljø (KLV) ovanfor NRK at marknadsføringa i annonsen ikkje stemmer med internasjonal forsking.

Møter kritikken Grieg Seafood på si side framhevar at dei ikkje har gått ut med denne annonsen for å ufarleggjere lakselusa. - Vi er einige i at næringa skal sikre at mengda lakselus i merdane skal haldast på eit lågt nivå slik at skader både på oppdrettsfisk og villaks blir tilnærma null. Næringa og Grieg Seafood er svært opptatt av å opptre etterrettelig i våre informasjonskampanje og overhalde krav frå myndigheitene. Men vi er av den oppfatning at lakselus vert overfokusert som ein av fleire påverknadsfaktorar som kan vere til skade for villaksbestanden. Det manglar enno vitskapleg dokumentasjon på at lakselus åleine kan redusere heile bestanden, seier Håkon Volden til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no. For å underbygge denne påstanden viser han til ein forskingsrapport gjennomført av Nofima.

Han meinar lakselus kan vere dødeleg for einskilde smolt, men framhevar at det ikkje er det same som at det har ein bestandsregulerande effekt.

Tilfeldig tidspunkt Grieg Seafoo har også vore kritisert for at denne kampanjen kom rett etter påvising av mykje lus på nokre av selskapet sine lokalitetar. Men dette er i fylgje Volden heilt tilfeldig. - Kampanjen har vore planlagt sidan i vår med mål om å bevisstgjere, og skape ein balansert debatt. Difor hadde vi også lagt inn informasjon om nettstadar der ein kan finne tilgjengeleg fakta om lakselus, seier Volden. Les annonsen her

Les også:

- Næringen gjør sin del

Grieg-anlegg hadde mer enn fem lus per fisk

- Lusesaka er tatt ut av proporsjonar

En misvisende lakselusreklame