Pål Arne Bjørn

Ønskjer forskingsbasert oppdrett i Reisafjorden

Fiskarar i Nord Troms hevdar gytetorsken forsvinn i fjordar med oppdrett. Pål Arne Bjørn i Nofima Marin meinar eit oppdrettsanlegg i Reisafjorden vil gjere det mogeleg å avkrefte eller bekrefte desse påstandane.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Fiskarar i Nord Troms har i lang tid hevda at oppdrettsanlegg får torsken til å forsvinne frå fjordane. Seinast denne veka framheva fiskar Laritz Johnsen frå Nord Troms ovanfor avisa Nordlys at han er overbevist om at det er utslepp av fôr og avføring frå oppdrettsanlegg som er årsaka til at gytetorsken frå havet ikkje lenger kjem inn i fjorden.

I fylgje Pål Arne Bjørn i Nofima Marin har fiskarar kome med liknande type påstandar heilt sidan først på 2000-talet. Nofima eller Fiskeriforsking som det hette den gongen, fekk difor gjennomført fleire forsøk frå 2002 til 2006. Men desse var ikkje omfattande nok til å avkrefte eller bekrefte ei hypotese om at gytetorsken skyr oppdrettsfjordane. Han meinar difor det er behov for eit større og meir omfattande prosjekt dersom ein skal finne ut av problemstillinga. -Vi har uttrykt ovanfor Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond (FHF) og Fiskeri- og kystdepartementet at det bør gjerast eit større prosjekt der ein undersøker åtferda til gytetorsken før det vert etablert oppdrett i ein fjord, under etableringa, og når anlegget har lagt der ein periode. Men dette har ikkje vore vurdert som viktig, og difor veit vi ikkje meir om denne problemstillinga enn det vi gjorde i 2001. Det inneber at ein får mange konfliktsaker der dei ulike interessene stå mot kvarandre, utan at ein kan dokumentere påstandane gjennom forsking, framhevar Bjørn.

Reisefjorden er veleigna for forsking Han meinar Reisafjorden i Nord Troms kan vere ein aktuell modellfjord der ein kan forske på gyttorsken si åtferd før eit anlegg er etablert, under etableringa, og etter det er gått ei tid. -Dette fjordsystemet vil vere veleigna for å få gjennomført denne typen forskingsprosjekt. Her har vi fleire fjordar der torsken gyte, og ved å legge eit oppdrettsanlegg i ein av dei, kan vi gjer undersøkingar på førehand, i tillegg til at vi kan sjå om innsiget endrar seg når det kjem oppdrettsanlegg i ein av fjordane, og om det er variasjon mellom dei ulike fjordane. Både miljøpolitikken og næringspolitikken blir dårleg Pål Arne Bjørn har registrert at forvaltninga brukar ein "føre var tankegang" når det gjeld torskeoppdrett, og han framhevar at det bør vere i alle si interesse at dette vert erstatta med reelle kunnskapar om samspelet mellom oppdretta og vill fisk. -Utan meir kunnskapar risikerar vi å pålegge oppdrettsnæringa unødvendige restriksjonar, eller å sette i verk tiltak for å verne villfisken som ikkje fungerar, og det vil jo vere ein dårleg næringspolitikk og ein dårleg miljøpolitikk på same tid, seier Bjørn til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.