Settefisk

Ønskjer å kjøpe all settefisken frå nord

Ein del av matfiskprodusentane i nord er enno avhengig av å kjøpe settefisk frå Vestlandet sjølv om målet er å auke produksjonen slik at ein slepp å frakte fisken over lange avstandar. Men så langt i år ser det ut til at dei fleste skal få den fisken dei har bestilt.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Det nærmar seg tid for vårutsett og lakseprodusentar som Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no har snakka med i nord melder at tilgangen på settefisk er tilfredsstillande. Men dei skulle aller helst ønskje at det var mogeleg å henta all smolten frå lokale anlegg i nord.

Kjøper berre i Troms Egil Johansen i Nordsenja Fiskeindustri AS får den settefisken han treng frå lokale anlegg. - Eg kjøper berre settefisk frå anlegg her i Troms og har nok både til vårutsettet og til haustutsettet, men eg var tidleg ute med bestillinga mi, seier Johansen.

Nordsenja Fiskeindustri er medeigar i eit lokalt settefiskanlegg, men kjøper også frå andre lokale anlegg.

Har redusert utsettet Tore Lundberg i Gratanglaks reduserte utsettet istadenfor å frakte fisk over lange avstandar. - Tilgangen til smolt frå nærområde er ikkje betre enn den må vere, og vi skulle gjerne hatt litt meir lokal fisk. Vi hadde eit tilbod frå sør, men det ville medført at den måtte fraktast langt, så vi valde heller å redusere utsettet, seier Tore Lundberg i Gratanglaks AS til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Gratanglaks er medeigar i Astafjord Smolt og får vanlegvis mykje av fisken sin frå dette anlegget. Men på grunn av eit havari i fjor har produksjonen her vore liten det siste året. Men neste år reknar Lundberg med at kapasiteten i settefiskanlegget igjen er på normalt nivå slik at dei får tilfredsstilt behovet ved å hente frå dette anlegget, og frå andre lokale anlegg som dei har avtale med.

Må frakte frå Vestlandet til Finnmark Dharma Rajeswaran i Villa Artic i Finnmark hentar all settefisken sin frå Vestlandet. Det totale utsettet i år blir på opp mot fem millionar fisk og mykje kjem frå selskapet sitt eige anlegg på Sunnmøre. Men dei er også avhengig av å bestille frå andre produsentar. - Vi bestilte i god tid, og har ikkje fått melding om avkorting, så eg reknar med det går heilt fint, seier Rajeswaran til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Villa Artic planlegg å bygge eige settefiskanlegg i Finnmark, men det er ikkje heilt avgjort kvar det skal ligge. Valet står mellom kommunane Lebesby eller Nesseby.