Yngvar Aagaard

Ønskjer samarbeid om settefisk

Laponia AS i Tromsø bles no liv i dei gamle planane om å etablere settefiskanlegg i Balsfjorden. -Vi har utfylt areal og konsesjonar, men treng sentrale aktørar med kapital og kompetanse for å komme i gang, seier Yngvard Aagaard til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit

Arbeidet med å etablere settefiskanlegg i Balsfjord starta for fleire år sidan, men situasjonen den gangen tilsa ikkje at det var fornuftig å investere store summar i smoltproduksjon. Men no meinar Aagaard at behovet for smolt er så stort at ein bør komme i gang. Balsfjord Smolt AS har fylt ut eit areal på 15 mål og med dagens vasstilgang kan det produserast 2,5 millionar smolt. Det finst også reservekapasitet og ei anna aktuell vasskilde. I tillegg vurderar ein muligheitene for resirkulering. -No handlar det om å avgjere kva type anlegg som skal byggast i tillegg til at vi må få med sentrale aktørar som treng smolt og som kan bidar med kompetanse i utviklingsprosessen, seier Aagaard til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.