Ønskjer satsinga velkomen
Fleire torskeselskap satsar no på produksjon av yngel og påvekstanlegg, og Jørgen Borthen i "Sats på torsk", ønskjer satsinga velkomen. -Produksjonen av yngel er ikkje heilt stabil enno, så det er berre ei føremon at vi får fleire anlegg, seier Borthen til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Høge prisar og mangel på yngel har prega torskenæringa i det siste, og no melder stadig fleire selskap at dei planlegg ei utviding av produksjonen til også å gjelde påvekstanlegg. Nokre satsar også på eigen produksjon av yngel. Treng meir yngel I byrjinga planla dei fleste å ha påvekst på eige anlegg, men etter kvart gjekk mange vekk frå dette på grunn av plassmangel og aukande behov for ein effektiv produksjon. Men høge prisar og vanskeleg tilgang på yngel, gjer at fleire no vil ha kontroll med heile produksjonsprosessen. -Mangel på yngel og høge prisar kan ha medført at yngel- og settefiskprodusentane ikkje har vore like kritiske i sorteringa, så det er veldig bra at vi no får opp produksjonen av yngel, seier Borthen til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Kortare transport Borthen trur også at fleire ønskjer å vere sjølvhjelpne for å sleppe å frakte fisken over lange avstandar. -Med utgangspunkt i miljø, velferd og faren for sjukdom er det bra dersom ein slepp å frakte fisken langt, seier Borthen, og legg til at mange også ønskjer å ha full kontroll med det biologiske materialet. Både og Mange av selskapa spesialiserar produksjonen med yngel og påvekst i eigne dotterselskap, noko Borthen meinar er bra, men han påpeikar også at det må vere mogeleg for mindre oppdrettarar å få tak i yngel. -Vi er jo avhengig av ein geografisk spreidd matfiskproduksjon, der vi også har små selskap, så det må ikkje bli slik at alle må produsere sin eigen yngel, seier Borthen og legg til at mange av dei små oppdrettarane som har jobba med torsk lenge, har opparbeida ein svært god og viktig kompetanse.