Opplæringskontoret for fiskeri- og havbruksfag i Sogn og Fjordane. Bjørn Kvalheim

Ny leder for Opplæringskontoret for fiskeri- og havbruksfag i Sogn og Fjordane

Styret i OKFH SA, Opplæringskontoret for fiskeri- og havbruksfag i Sogn og Fjordane, har tilsett Bjørn Kvalheim som ny dagleg leiar.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Bjørn Kvalheim . Foto: Opplæringskontoret for fiskeri- og havbruksfag

Kvalheim har mange års erfaring frå sal av fisk og fiskeprodukt, og har arbeidd tett opp mot både oppdretts- og fiskerinæringa. Han har og mange års erfaring med arbeid med barn og ungdom gjennom sitt verv som seiltrenar for barne- og ungdomsgruppen i Måløy Seilforening.

OKFH har kontor i Maritim Park på Raudeberg, og arbeidsområdet er heile S&Fj. Kontoret har ca. 50 lærlingar knytte til 9 ulike fag innan kystnæringane i S&Fj. Arbeidet omfattar rekruttering, oppfølging, dokumentasjon og kvalitetssikring av opplæringa i nært samarbeid med medlemsbedriftene, fylkeskommunen og Sjøfartsdirektoratet.

Kvalheim tek over stillinga etter Harald Grotle, som går av med pensjon etter 13 år som dagleg leiar ved OKFH.

Kvalheim tek til i jobben 1. januar 2014.