
Ny regiondirektør i Trøndelag
Ståle Hansen er tilsett som ny regiondirektør i Fiskeridirektoratet region Trøndelag. Han tok til i den nye stillinga førre veke.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Ståle Hansen er utdanna marinbiolog ved NTNU. Etter avslutta utdanning jobba han nokre år som lærar i Troms, før han flytta tilbake til Trondheim og jobb i Direktoratet for naturforvalting. Sidan 2002 har han vore tilsett i Fiskeridirektoratet region Trøndelag.
– Høg kompetanse er eit kjennemerke på region Trøndelag. Dette er nødvendig dersom ein skal halde tritt med ei fiskeri- og havbruksnæring i rivande utvikling. Våre medarbeidarar har høge forventingar til sjølve å kunne påverke kva som skal gjerast og korleis, noko som kjenneteiknar ei kunnskapsbedrift, seier Hansen på Fiskeridirektoratet sine eigne nettsider.

Ny regiondirektør: Ståle Hansen er 44 år, fødd og oppvaksen i Trondheim. Han har sambuar og har to barn på 6 og 9 år. Foto: Fiskeridirektoratet
Minst, men stor på akvakultur
Region Trøndelag er den minste av Fiskeridirektoratet sine sju regionar, med sine 18 stillingar. Regionen har stor produksjon innan akvakultur, og difor er det også mange anlegg som skal kontrollerast. Når det gjeld fiskeria i Trøndelag er mange av desse sesongprega, med til dømes vinterfiske for Vikna og eit stort sildefiske.
Vil vere eit døme til etterfylgjing
Som leiar ynskjer Hansen å gå føre med eit godt eksempel. Han er ikkje redd for å vere tydeleg eller å stille krav, men er også inkluderande og lydhøyr.
– Mi viktigaste oppgåve som leiar er å legge til rette for at mine kollegaer opplever arbeidet sitt som viktig og meiningsfullt, og at dei får høve til å utvikle seg både fagleg og personleg. Å satse på den enkelte medarbeidar sine særskilde kvalifikasjonar, samtidig som ein tek omsyn til interesser og kva ho meiner er viktig for forvaltinga, vil vere ei viktig leiaroppgåve, seier Hansen.