ILA-virus

Nye mistankar om ILA i Troms

Mattilsynet i Midt Troms har fatta mistanke om utbrot av ILA på tre anlegg i Tranøy og Dyrøy kommune. To er lokalisert i Solbergfjorden på kvar si side av skipsleia, medan det tredje ligg i Dyrøysundet.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit To av anlegga der Mattilsynet har fatta mistanke om utbrot av ILA er eigd av Salmar, medan det tredje er eigd av Nordlaks. Det er sendt inn prøvar av fisk frå alle anlegga, og Hege Wiggen i Mattilsynet i Midt Troms reknar med å få svar på desse mot slutten av denne veka, eller i første del av neste veke. Mattilsynet arbeidar no med etablering av midlertidige soner.

Fisken på dei tre anlegga vart sett ut våren og sommaren 2008 og er i fylgje Wiggen frå eit til to og eit halvt kilo. Til saman skal det stå rundt to millionar fisk i dei tre anlegga. Mange utbrot i regionen Med utgangspunkt i at Midt Troms og Sør Troms hadde mange utbrot av ILA i 2008, vurderar Mattilsynet saka som alvorleg. Dersom mistanken vert påvist av Veterinærinstituttet vil det bli oppretta nye bekjempingssoner.

Brønnbåtane bør styre unna Wiggen viser vidare til at næringa no er inne i den mest hektiske perioden med transport av laksesmolt, og sidan lokalitetane ligg rett ved indre skipslei oppfordrar Mattilsynet alle brønnbåtar om å gå utanfor Senja.