Nye ordningar for eksport av sjømat til Russland

Fra 15. oktober vert det sett krav om nye attestar og plombering av bilar som skal transportere fisk til Russland. Mattilsynet har valt ut 10 distriktskontor som kan skrive ut attestar for eksport av sjømat til Russland.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Noreg har i lengre tid hatt utfordringar i forhold til eksport av fisk til Russland. 21. september møtte ein norsk delegasjon dei russiske veterinærmyndigheitene i Moskva for å greie opp i problema som eksisterer. På møtet lova Mattilsynet å setje i verk tiltak knytte til nye attestar og plombering av trailertransport for eksport av sjømat til Russland. Desse tiltaka blir sette i verk frå 15. oktober i år, melder Mattilsynet. På tross av at protokollen frå møtet 21. september ikkje er klar enno, vil desse tiltaka bli gjennomført som planlagt innan fristen 15. oktober. Tiltaka går spesielt på krava russarane fremma i eit brev til Mattilsynet 5. september. Arbeidet med dei nye tiltaka er i full gang Det er etablert ei arbeidsgruppe leidd av Kristina Landsverk, direktør for einskapleg og heilskapleg tilsyn i Mattilsynet. Lena Brungot, rådgivar ved nasjonalt senter i Bergen står for den praktiske gjennomføringa. Både bransjen og Toll- og avgiftsdirektoratet deltek i arbeidsgruppa. Den største utfordringa er knytt til å skrive ut attestar. Det vil bli laga nye attester som er sikra mot forfalsking. Desse attestane kan berre skrivast ut på Mattilsynet sine distriktskontor og ikkje av ekspeditør/transportør som i dag. Dette vil vere ei utfordring som arbeidsgruppa ville finne løysingar på før 15. oktober. På sikt vil det bli etablert ei elektronisk ordning for skriving av attestar for sjømat som dekkjer eksport til alle land. Denne ordninga vil liggje føre i februar 2007. I perioden fram til da vil berre 10 av 63 distriktskontor få lov til å skrive ut attestar for eksport til Russland. Desse ti distriktskontora vil stå for dette arbeidet: DK Øst-Finnmark (Kirkenes) DK Hammerfest DK Tromsø DK Vesterålen (Sortland) DK Nord-Helgeland (Mo i Rana) DK Trondheim DK Ålesund DK Nordfjord (Måløy) DK Bergen DK Oslo Russiske veterinærmyndigheiter vil ha oversikt over alle attestar som skrivast ut. I tillegg til dei nye attestane skal også alle attestar skannast og sendast elektronisk til russiske veterinærmyndigheiter fortløpande. Til dette trengs det teknisk utstyr som må på plass før 15. oktober. Krav om plombering av bilar som transporterar sjømat til Russland Bilar som transporterar sjømat til Russland og som køyrer gjennom eit EU-land skal vere plombert før avreise frå Noreg. Mattilsynet har etter rådføring med Toll- og avgiftsdirektoratet blitt einige om å nytte ordninga knytt til TIR-konvensjonen (TIR = Transports Internationaux Routiers). Her er Russland avtalepart. Konvensjonen gjev moglegheit for plombering av last, og dei store transportørane er sertifisert for ordninga. Det same gjeld dei fleste av dei austeuropeiske transportørane som står for mykje av sjømat-transporten.