Nytt råd om kosthald rundt vraket av Tirpitz
Mattilsynet gjev råd om å ikkje ete skjelmat og lever frå fisk fanga rundt vrakdelane av det tyske slagskipet Tirpitz. Skipet ligg delvis nedsenka sør/sør-aust for Håkøya, vest for Tromsø.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Det er ikkje akutt helsefarleg å ete skjel eller fiskelever rundt vraket. Mattilsynet ønskjer likevel å rå i frå konsum for å redusere unødvendig eksponering for miljøgiftene Benzo(a)pyren og PCB. -Vi meiner ikkje at Tirpitz er ei stor kjelde til forureina skjel og fiskelever. Mattilsynet vil likevel gje informasjonen til yrkesfiskarar og andre som kan tenkast å fiske rundt skipsvraket, uttalar seniorrådgivar i Mattilsynet Per Fjeldal. Mattilsynet kjenner ikkje til at det går føre seg utstrakt fiske i området. Rådet gjeld all skjelmat og fiskelever frå fisk fanga tett attmed vrakdelane. Med tett attmed meinast ein avstand på omlag 100 meter i luftline. Rådet er gjeve for å vere sikker på at den omtala sjømaten ikkje er unødvendig forureina av miljøgifter, melder Mattilsynet. Ventar meir informasjon Kystverket publiserer sommaren 2007 ein rapport som vil gje ytterlegare informasjon om forureining av sedimenta rundt vraket. Når rapporten er ferdigbehandla av Statens forureiningstilsyn vil dei avgjere om dei vil sette i verk opprydding av havbotnen. Ikkje nok miljøkjennskap Opphogginga av Tirpitz skjedde i perioden 1949-1960. Arbeida blei ikkje gjort i samsvar med den forståinga for og kjennskap til forureining av det ytre miljø ein har i dag. Det er funne auka nivå av stoffet Benzo(a)pyren og stoffgruppa PCB, opphavleg brukt i produkt som drivstoff, oljer og transformatorar. Bruk av slike stoff er i dag anten ikkje lov eller strengt regulert med tanke på å forhindre miljøskadelege utslepp. Lokalisering Vrakdelane frå Tirpitz ligg i området sør-sør/aust for Håkøya med ei utstrekning i retning mot Håkøybotn i sørvest og vesle Grindøy i sør. Området er relativt godt avgrensa. Håkøya ligg mellom Tromsøya og Kvaløya retning vestover frå Tromsøya.