Bergh Øivind

-Oddekalv må dokumentere eller unnskylde

Havforskar Øyvind Berg meinar Kurt Oddekalv må dokumentere påstandane sine om at Sjøtroll Havbruk AS har slept ut ensilasje i sjøen. -Dersom det ikkje skjer innan kort tid må han gå til selskapet og be offentleg om unnskyldning, seier Bergh.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Professor Øivind Bergh ved Universitetet i Bergen og Havforskingsinstituttet reagerar sterkt på Kurt Oddekalv sine påstandar og uttalingar til media om at Sjøtroll Havbruk AS har slept ut ensilasje i sjøen. Han syns ikkje at Kurt Oddekalv og Noregs Miljøvernforbund skal sleppe unna med dei udokumenterte påstandane og krev at dei vert dokumentert på ein skikkeleg måte, eller at dei vert beklaga innan kort tid.

Og Bergh nøyer seg ikkje med å kommentere Oddekalv sine uttalingar, han meinar også at journalistar som slepp Oddekalv ukritisk til med sine påstandar, opptrer som mikrofonstativ for miljøaktivisten frå Bergen. Er dette akseptabel presseetikk, spør Bergh.

Godt nok for Oddekalv Tidlegare i år sette Kurt Oddekalv og Noregs Miljøvernforbund fram påstandar om at Sjøtroll Havbruk AS hadde slept ut mykje ensilasje frå eit anlegg på Osterøy. Rådgjevande Biologar i Bergen tok prøvar frå stoffet som Oddekalv omtala som gift, og deira konklusjon var at dette var ein naturleg førekomst av furupollen og algar. Men Oddekalv heldt på sitt og framheva at dei ikkje hadde analysert for feitt. Han fekk gjennomført ein ny analyse av selskapet Eurofinns, som kunne påvise 1,7 prosent feitt i stoffet, noko Oddekalv omtala som "Godt nok for han" og som han meinar gjev grunnlag for å oppretthalde påstandane. Men fagfolk på området trur ikkje at Oddekalv veit kva han snakkar om. Laboratoriet som Oddekalv sjølv har brukt er klare: han har ikkje påvist at det var fiskefeitt i prøvane, berre at det var feitt til stades.

Som tatt ut av læreboka Bergh viser til rapporten som Rådgjevande Biologar skreiv etter dei hadde analysert prøve av det omtala stoffet, og vurderar deira konklusjon som logisk. Han framhevar at dei fann store mengder kiselalgar frå ei naturleg oppblomstring, og at desse i utgangspunktet inneheld mykje feitt. -Bileta i rapporten viser jo heilt klart restar av algar i ein saus saman med furupollen. Dei er faktisk som tatt rett ut av ei lærebok, og sånn ser det ut i overflata når store mengder med furupollen og kiselalgar er blanda, seier Øivind Bergh til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no. Han legg til at feitt og pollen akkumulerar naturleg i overflata.

-Havardsson har rett og Oddekalv er inkompetent Bergh framhevar vidare at Bjørgolfur Havardsson ved Havbruksinstituttet sin kommentar til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no tidlegare denne veka er heilt rett. Men han legg også til at ei overflatehinne på vatn alltid vil innehalde ein del feitt, og når Oddekalv hevdar at påvising av feitt i prøvane er "godt nok for han", så vise det i fylgje Bergh ein total mangel på innsikt i elementær marinbiologi og at Oddekalv er fullstendig inkompetent. -Dei som sponsar og vidareformidlar denne galskapen tek på seg eit moralsk ansvar, seier Bergh.

Kurt Oddekalv må be om unnskyldning Bergh reagerar sterkt på at ein del medium ukritisk let Oddekalv uttale at prøvane frå det mykje omtala stoffet bevise at han har funne fiskefeitt. -Dette meinar eg er grov trakassering av Sjøtroll Havbruk AS som selskap, leiarane, dei tilsette og eigarane. Oddekalv har tidlegare skulda dei for spreiing av medisinrestar utan at han, etter det eg kjenner til, har lagt fram nokon som helst dokumentasjon på dette. Eg har heller ikkje høyrt noko om at han har fått utført analyser av det, og medisinbruk ville jo dessutan vere lett å spore på grunn av reseptregister. Difor meinar eg at Kurt Oddekalv må dokumentere sine påstandar, eller be dei om unnskyldning innan kort tid. Noko anna vil vere heilt uhørt ovanfor namngjevne medarbeidarar i eit firma som eg meinar er mobbeoffer i denne saka, seier Bergh.

Bergh uttalar seg som privatperson Øivind Bergh er havforskar og professor II ved Universitet i Bergen, med omlag åtti internasjonale vitskaplege publikasjonar om akvakultur, fiskehelse og mikrobiologi bak seg. Men han framhevar at han i denne samanhengen uttalar seg som privatperson. Han ønskjer også å få fram at han ikkje jobbar med oppdragsforsking. Han kjenner heller ikkje tilsette i det omtala selskapet, og har ikkje nokon økonomiske interesser i næringa.