
Oljen må redde Nord Noreg
Trondheim: -Fiskeri og Havbruksnæringa og reiselivsnæringa kan ikkje få slutt på fråflyttinga åleine, vi treng også oljenæringa. Det var ordførar Jonni Solsvik i Andøy sitt bodskap då han debatterte oljeutvining i Nord med Maria Fossheim (bildet) i Bellona på speaker's corner på NorFishing i går.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Spørsmålet på speaker's corner i går var om det er fisken eller oljen som skal berge Nord Noreg. Ordførar Jonni Solsvik i Andøy kommune i Nordland og Maria Fossheim i Bellona var enige om at ein treng meir kunnskap om oljeutvinning, men korleis ein skal skaffe denne kunnskapen var dei ikkje einige om. Solsvik vil prøvebore for å skaffe kunnskap, medan Fossheim meinar at ei opning for prøveboring tilseier at områda utanfor Lofoten og Vesterålen aldri vert stengde igjen, uansett kva resultat som vil komme frå forskinga. Fossheim innrømmer at dei har tapt kampen om å hindre oljeutvinninga på felta utanom Lofoten og Vesterålen, men dei skal gjere alt dei kan for å avgrense skadeverknadane som kan komme av utvinninga. Når det gjeld Lofoten og Vesterålen håpar dei på at det aldri vert oljeutvinning. Mange trur at faren for eit stort utbrot er liten, men Fossheim viser at det er ein fare for utslepp i tillegg til alle skadeverknadane som kjem i tillegg. Ho nemner mellom anna produsert vatn som kan skape endringar i fisken sitt handlingsmønster og til seismikksprengingar som kan skremme fisken vekk frå gytefelta. Slike forhold har ein har enormt lite kunnskapar om. Når det gjeld seismikksprenging var det også fleire fiskarar frå Vestlandet som uttalte seg i debatten etter innlegga. Nils Myklebust frå Måløy viste mellom anna til at fiskrarane i Nordsjøen har erfaringar med fisketomme områder etter seismikksprenging, medan Solsvik påpeika at det no har kome mykje ny teknologi på dette området. Fossheim på si side er einig med Solsvik i at vi har fått ny teknologi, men ho framheva sterkt overfor Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no at dette ikkje inneber at verknadane av sprengingane har endra seg. -Dette har vi rett og slett altfor lite kunnskapar om seier Fossheim.