
Om løyve til å vekse, og retten til å drive
Dersom domen frå ESA blir ståande, og det norske taket på 25 % eigarskap av lakseproduksjonen er ulovleg ut frå EØS avtalen, vil dette vere endå eitt tilbakesteg for politikarane sine uttalte ynskje om spreidd eigarskap, mener Øyvind Kråkås.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Men dersom dei verkeleg har dette som mål, er det framleis i deira makt å stimulere til det, gjennom å legge til rette med rammevilkår som gjere det attraktivt å drive framfor å selje.
I teorien innebere ikkje dagens regelverk noko anna enn at der vil vere minst fire selskap som skal drive heile den norske oppdrettsnæringa. Etter mitt syn er ikkje det noko mangfald. Det opnar heller ikkje opp for eigarar som byggjer opp drifta si kring lokalsamfunnet dei bur i, eller eigarar som sjølve jobbar på anlegga. Det vil eventuelt vere snakk om fire børsnoterte selskap.
Om norsk oppdrettsnæring og Noreg som nasjon er best tent med to, tre eller fire slike gigantar, er eg ikkje sikker på, og eg er heller ikkje så interessert i det. Det vil uansett vere gravskrifta for oppdrett som kystfolket si næring.
Men om politikarane ynskjer ein struktur med lokaleigde selskap og eigarar på merdkanten, treng dei ikkje å spørje ESA om lov eller vente på juristar si finlesing. Det største trugsmålet mot desse verdiane i dag, er at rammevilkåra er i stadig endring, og på veg mot ein situasjon der det vil vere uråd for dei mindre aktørane å drive vidare. Slik sett var presentasjonen av arealutvalet sin rapport langt meir urovekkande enn ESA sin dom. Forslaga til Peter Gullestad og hans rådskollegaer var i tur og orden tilpassa drifta til storselskapa, med stor mobilitet for produksjonen og få band til det enkelte lokalsamfunn.
Med eitt nytt, liberalisert regelverk for eigarkonsentrasjon kan der oppstå selskap som er meir dominerande og har større påverknadskraft mot forvaltning og styresmakter enn det dagens Marine Harvest har. Allereie før det skjer, bør politikarane velje ein retning for framtida til næringa. Ein må bestemme seg for kva struktur ein ynskjer, og så legge opp til stabile og levelege rammevilkår for dei som ein ynskjer å ha med vidare. Slik det er i dag, kan mange frykte at deira rett til å produsere laks vert avkorta nærast over natta, med introduksjon av nye forskrifter og soneinndeling. Nokre har allereie selt seg ut, for å sleppe fleire rundar med uro og tvil for kvar ein skal satse og kva investeringar ein skal våge å gjere.
Å avgrense eit selskap sitt løyve til å vekse, er ikkje nødvendigvis god næringspolitikk. Å stimulere til at mange ynskjer å drive og utvikle sine selskap, vil vere det. Difor meinar eg det å sikre retten til å drive, vil vere meir konstruktivt enn å avgrense løyvet til å vekse. Sjølv med dagens regelverk kan ein risikere at ein om få år har ei næring heilt utan norske majoritetseigarar. Er det dit ein vil med struktureringa?
Kommentaren er skrevet av Øyvind Kråkås, informasjonsarbeider i Salmon Group