Oppdaterer rømmings-situasjonen
- I samband med fleire tilfelle av rømming, ynskjer Fiskeridirektoratet og halde publikum oppdaterte om kva som vert gjort for å avgrense skadane av dette.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Fusa Eit av anlegga til Bolaks i Fusa, som stod i fare for å verte øydelagt, er av oppdrettar vurdert som stabilt etter reparasjonar 30.11.11, skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.
Det er planlagt flytting av fisk, og forvalting og oppdrettar har i samband med det auka beredskapen for gjenfangst.
Roan Direktoratet føl opp hendinga ved Salmar Farming AS sin lokalitet i Masterholman i tråd med sine retningsliner. Det er gjeve førehandsvarsel om teljing av fisk og opptak av not. Veret er framleis så dårleg at den skadde merda truleg ikkje kan inspiserast før neste veke.
Det er ikkje melding om gjenfangst på lokaliteten.
Osen Marine Harvest Norway AS har lova ut ein dusør på 200 kroner per gjenfanga fisk, og det er sett ut 130-140 garn i området rundt Marine Harvest Norway AS sin lokalitet i Indre Skjervøy. Det er problem med røkting av garna på grunn av veret, men det er observert fisk i garna.
Direktoratet har grunn til å tru at dette er ei større rømming. Når veret tillet det vil det bli føreteke ny inspeksjon. Tenestemenn frå Fiskeridirektoratet region Trøndelag vil vere til stades når teljing av fisk vert utført og flytta ut av den skadde lokaliteten. Samtidig vil det bli teke DNA-prøver av fisken.
Bømlo Fiskeridirektoratet har i dag motteke melding om mistanke om rømming frå ei slaktemerd ved Brandasund fiskemottak i Kastevika. Denne fisken har påvist PD. I følgje Mattilsynet fører det ikkje med seg helseskade å ete fisken.