Frode Reppe, Frøya Arbeidarparti

– Oppdrettarar tar ansvar

- Når det ikkje er hol i nota, er og blir det ikkje hol i nota. Ein kan ikkje kalla folk for cowboyar når ein følger opp og gjer jobben, seier Frode Reppe frå NSL.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Linn Therese Skår Hosteland

Fleire oppdrettarar i Hardangerregionen uttrykker overfor kyst.no, frustrasjon over beskyldningar om unnlate og rapportere rømming.

- Den rømte fisken ser svært fin ut. Den er velutvikla med fine finner. Dette indikerar at den ikkje kjem frå ei nylig rømming, seier han.

Reppe har saman med nokre av oppdrettarane fått tilsendt to bilete frå Fiskeridirektoratet, der ei kan sjå rømt laks som er fanga i Etneelva.

Frode Reppe. Foto: Kari Johanna Tveit.

- Eit var av laks i ei trillebår, eit anna var av laks liggande på ein benk. Dette var alt oppdrettslaks, men tilstanden til fisken viser at den ikkje har røymt frå nota nylig. Etter det eg veit er dette og den einaste elva med dokumentert fangst i regionen, seier han.

Han meiner i motsetning til Svein Helge Pedersen frå Hardangefjord Villfisklag, at rømminga ikkje vil være katastrofal for villfisken.

Les også: Massiv kritikk mot næringa

- Elvene i regionen er for det meste sjøaure-elver. Skulle det komme laks opp er det enkelt å fjerne dei om ein opnar for fiske. Om fisken vert fjerna no, vert ikkje dette noko katastrofalt på hausten, seier han.

- Vil komme til ei løysing

Oppdrettarane i regionen fekk kort tid etter rømminga pålegg om å sjekke for hol i nøtene utan at noko vart avdekt.

- Når det ikkje er hol i nota, er og blir det ikkje hol i nota. Ein kan ikkje kalla folk for cowboyar når ein følger opp og gjer jobben, seier han.

Reppe opplever og å få tilbakemeldingar på varierande fangsstal og heldt moglegheitene på ei forklaring rundt hendelsen opne.

Les også: - Svekkjer tillita til næringa

- Fisken kan til dømes komme frå ei tidlegare rømming og aukande lakseinnsig eller eit stamfiskanlegg. Alt er mogleg, og eg skjønar ikkje korleis Fiskeridirektoratet har kome fram til ein konklusjon om at dette er nyrømd fisk, seier han.

- Vi har ved to høve vært i kontakt med Fiskeridirektoratet, og har fått svært sprikande informasjon om kvar det er observert rømd laks, og på hvilket grunnlag dei hevdar den er nyrømd. Når ein opererer med ein anonym tipstelefon, utan å krevja noko bevis så vert det vel slik, seier han.

- Lingalaks har nullvisjon mot rømming

- Lingalaks har nullvisjon mot rømming, understrekar Ørjan Solheim, i Lingalaks. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.

- Me vil fortsette eigne undersøkingar for å finne ut kva fisk dette eigentleg er snakk om, seier Ørjan Solheim frå Lingalaks.

- Alle nøter har vore sjekka og samtalar med andre mindre aktørar, viser at dei og har tatt ansvaret for å sjekke nøtene utan funn. Tidligere leveransar av fisk i denne storleiken har og vert sjekka opp for avvik på antall fisk, uten at det er funne manglar, bekrefter han, til kyst.no

Kyst.no har prøvd å nå Fiskeridirektoratet for tilbakemelding på kva undersøkingar som vert gjort på den gjenfangsta fisken og kor mykje som er gjenfangsta i regionen, utan å lukkast med å få svar.