Anne Zondag

Oppdrettstorsken skaper stabilitet

Torskekonferansen: Villtorsk har i utgangspunktet det beste omfømet blant innkjøparar i Europa, men dei forventar at produksjonen av oppdrettstorsk vil auke på sikt. Det handlar om eit ønskje om betre tilgang på torsk og at dei vil ha sikre og stabile leveransar gjennom heile året.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Norsk torsk har eit veldig godt omdøme blant innkjøparar i sentrale marknadar i Europa. Det vert mellom anna forklart med ei oppfatning om høg kvalitet på produkta, at torsken kjem frå ein rein natur, at den er naturleg vill og at den er henta frå berekraftige populasjonar.

Dette kjem fram i ei kvalitativ undersøking gjennomført av Anne Zondag i Norsk Gallup. Zondag viser også til at norsk torsk har høg tillit i dei fleste europeiske marknadane. Denne tilliten deler torsken med anna norsk sjømat, og det er forankra i historiske, naturgeografiske og politiske tilhøve. -Det handlar om ei oppfatning av ei seriøs næring i eit land som er strengt regulert, noko som gir kontinuitet og stabilitet, sa Zondag til deltakarane på Torskekonferansen i Tromsø sist veke.

Blir oppfatta som råvareleverandørar Deltakarane i undersøkinga oppfattar norske eksportørar som råvareleverandørar. Dei har høg tillit og eit godt renomé i marknaden, men skårar dårlegare på rasjonelle faktorar som fleksibilitet og service, proaktivitet og kundeorientering, kommunikasjon, kontakt, nytenking, produktutvikling og innovasjon.

Miljø bli viktigare Hovuddelen av undersøkinga omhandlar innkjøparane si oppfatning av den norske torsken og av leverandørane, men Zondag har også sett nærmare på oppfatning av miljø, og her er det berekraft og sporbarheit som engasjerar respondentane mest.

I undersøkinga som omfattar Sverige, Frankrike, Tyskland og Storbritannia har norsk torsk eit nøytralt rykte når det gjeld berekraft, fangst og forsvarleg uttak av naturresursar. Noreg vert i stor grad opplevd som eit land med stor gjennomsiktigheit som har lite å skjule. Norske myndigheiter nyte også tillit i miljøspørsmål.

Positive framtidsutsikter for oppdrettstorsken Villtorksen har eit betre omdøme enn oppdrettstorsken, men både kjennskapen til, og tilgangen til oppdrettstorsk er svært avgrensa i fleire av landa i Europa. I fylgje Zondag er dei som er skeptisk til oppdrettstorsken påverka av ein generell negativ omtale om oppdrett i media.

Utanfor Noreg trur ein at press på kvotar og prisstiging vil tvinge fram ein auke i etterspurnaden etter oppdrettstorsk på litt sikt. Men den viktigaste faktoren som vil avgjere utviklinga i marknaden er, utanom å sikre berekraftigheit, at dei trur oppdrettstorsken kan skape stabilitet når det gjeld tilgang på fersk torsk.