Pangasius like stor som laks
Pangasius er ein oppdretta kvitfisk frå Vietnam som har slått an i Europa. -Neste år kjem folk i EU til å ete nesten like mykje pangasius som laks, seier Jan Trollvik i Eksportutvalet for fisk til Norsk Fiskeoppdrett.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Importørane i EU ønskjer eit bredt spekter av fisk og neste år kjem dei truleg til å kjøpe opp mot 180 000 tonn filet av pangasius frå Vietnam. Pangasius er ein oppdrettsart som vert selt som fryst filet og som er produsert i fem ulike kvalitetar. Dei billigaste sortane og det meste av denne fisken går i hovudsak til Horeca marknaden, men det finst ein kvit art med god kvalitet som kan oppnå svært gode prisar i nokre delar av marknaden i Europa. - Distribusjon er utgangspunktet for at pangasius har slått så godt an i Europa. Det same har skjedd med Tilapia i USA, seier Trollvik til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. I fylgje Trollvik er årsaka til at oppdretta kvitfisk kjem inn i marknaden at dei etablerte kvitfiskartane ikkje klarer å fylle etterspurnaden. Her har laksen tatt over litt, men dekkjer ikkje heile behovet. -Heller ikkje pangasius vil fylle denne marknaden. Den vil i hovudsak konkurrere med rund sei som går til Russland, seier Trollvik, og legg til at vi vil gå ut som taparar dersom vi konkurrere med dei billege artane som vert selt i US dollar. Fersk laks er ikkje så valutaavhengig.