Mjelva Per

Per Mjelva fortsette som styreleiar

Per Mjelva frå Marine Sales er gjenvalt som styreleiar i NSL på årsmøtet som vart gjennomført denne veka. Bodil Borchgrevink-Richardsen frå Bjarne Johnsen AS fortsette som nestleiar.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Norske Sjømatbedrifters Landsforeining (NSL) gjennomførte sitt årsmøte tidlegare denne veka og Per Mjelva i Marine Sales vart gjenvalt som styreleiar, medan Bodil Borchgrevink-Richardsen frå Bjarne Johnsen AS fekk vidareført sitt verv som nestleiar.

Per Ståle Lundbakk frå Max Mat AS og Jan Brekke Jenssen frå W. Køltzow AS fortsette som medlemmar i styret, medan Lars Heine Kåsa frå Lingalaks AS er valt inn som nytt styremedlem.

Gullestadutvalet skaper debatt Av tema som vart diskutert på årsmøtet til (NSL) var det Gullestadutvalet si innstilling vedrørande framtidig organisering av næringa som skapte størst engasjement. Sigurd Bjørgo i Sør Trøndelag Fylkeskommune som var medlem i utvalet orienterte deltakarane på årsmøtet om innstillinga. - Vi fekk ei orientering frå Bjørgo før vi diskuterte vegen vidare med tanke på høyringsprosessen og korleis denne skal gjennomførast i NSL, seier administrerande direktør Håvard Jørgensen til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Viktig å tenke positivt Jørgensen framhevar at dei skal gjere det dei kan for å involvere medlemmane mest mogeleg og sikre at dei får gi uttrykk for sine oppfatningar av dei ulike forslaga som er lagt fram gjennom innstillinga. Eit moment som Jørgensen ønskjer få spesielt fram er at rapporten vart oppfatta som veldig bra på mange områder, og at organisasjonen er opptatt av at desse faktorane ikkje må forsvinne i debatten om dei forslaga i innstillinga som oppdrettarane ikkje er like positive til. Og i fylgje Jørgensen handlar dette i hovudsak om soneinndeling, noko dei trur kan få negative konsekvensar for små oppdrettarar som har heile sin produksjon innanfor eit avgrensa område.