Dharma Rajeswaran

Permitterar i Finnmark

Stopp i eksporten til Russland gir permitteringar på Villa Arctic sitt slakteri i Vestre Jakobselv utanfor Kirkenes. - Vi sender også fisk til andre marknadar, men vi ligg jo berre ti kilometer frå grensa, så det er klart Russland er viktig for oss, seier administrerande direktør Dharma Rajeswaran.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Sist veke vart det kjent at Russiske Veterinærmyndigheiter stoppar mottaket av laks frå Kirkenes Processing som er Villa Arctic sitt slakteri i Aust-Finnmark. Forklaringa bak importstansen er i fylgje Grethe Bynes ved Mattilsynet sitt hovudkontor i Bergen at det skal vere målt for mykje bakteriar i fisken som kjem frå dette slakteriet.

No har tilsette ved distriktskontoret i Kirkenes tatt prøvar, men desse er enno ikkje ferdig analysert. Selskapet har likevel redusert slakteaktiviteten og bestemt seg for at arbeidstakarar skal permitterast litt seinare.

- Vi har redusert slaktevolumet og vil gjennomføre permitteringar, men eg reknar ikkje med at det vert påvist uønska bakteriar i anlegget. Vi har stort fokus på reinhald og hygiene på slakteriet, og har ingen ting å sjule, seier Rajeswaran til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Ein viktig marknad Villa Arctic eksporterar både til marknadar i USA og i Europa, men Rajeswaran innrømmer at Russland etter kvart har vorte viktigare for selskapet. Frå anlegget i Vestre Jakobselv og til den russiske grensestasjonen ved Storskog er det berre ti kilometer.

Fleire årsaker bak permitteringar I fylgje Rajeswaran hadde Villa Arctic vurdert å gjennomføre permitteringar også før dei fekk meldingar om stopp i eksporten til Russland.

-Vi har prøvd å få ein ny lokalitet i Varanger, men så langt har ikkje det lukkast, og det gjer at vi ikkje har fått sette ut så mykje fisk som vi treng for å oppretthalde aktiviteten på slakteriet, seier Rajeswaran.

Les også:

Bynes bekreftar meldingane om utestenging