
– Pålegger oppdretter å måle koparforureining
Fylkesmannen har no for første gong gitt ein oppdrettar pålegg om å måle koparforureining under anlegget, skriv Fylkesmannne i Hordaland på sine heimesider.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
I november i år ga Fylkesmannen for første gong ein oppdrettar pålegg om å gjere målingar av koparmengden under oppdrettanlegget og området utanfor. Vi fekk ei miljøgransking frå eit område nær anlegget som synte at sjøbotnen var forureina av kopar, og at dyra som skulle leve der var nesten heilt borte. Dette er første gong vi har fått ei miljøgransking som syner at det kan vere koparforureining som har så sterk påverknad på dyrelivet på sjøbotnen.
Siste året har vi fått døme på at oppdrettslokalitetar kan vere påverka av koparforureining. Den sterke auken i bruk av impregneringsmiddel, og at kopar blir liggande på botnen i lang tid, gjer at vi er uroa for utviklinga.

Den auka mengden impregnering har vore mykje større enn det som kan forklarast med auke i produksjon av fisk. I 2001 vart det nytta 0,4 g kopar per kg produsert laks/aure. I 2013 hadde denne bruken auka til 0,85 g per kg produsert fisk. Samla bruk av koparhaldig impregnering på landsbasis var i 2013 på 1061 tonn. Berre ein liten del av dette blir resirkulert i notvaskeria. Dette betyr at kvar laks som vart produsert førte til utslepp av ei koparmengd tilsvarande innhaldet i ein 50-øring. Av samla utslepp av kopar til marint miljø står oppdrettsnæringa i dag for 75 prosent av utsleppa.
Den sterke auken i koparbruken fører til at kopar samlar seg under merdene. Kopar blir ikkje brote ned, og vil derfor påverke miljøet og dyrelivet nær merdene i lang tid framover. Oppdrettarane er og avhengig av dyreliv under merdene som kan ete opp spillfôr og ekskrement frå fisken. På den måten rammar dei og seg sjølve.
Treng fleire målingar
Det blir gjort miljøgranskingar under alle oppdrettsanlegg, men til no har måling av kopar berre blitt gjort på sjøbotnen eit lite stykke unna anlegget. Måling av kopar direkte under anlegget skal inngå i miljøgranskingane i framtida. Standarden for miljøgranskingar er under revisjon, og vi vil då få betre tal på kor sterk forureininga er under alle anlegg.
Vi trur at den auka bruken av kopar heng saman med bruk av reinsefisk (til dømes leppefisk) mot lakselus. Ein føresetnad for at reinsefisken skal ete lus er at han ikkje har tilgang på anna mat. Derfor må nøtene vere reine og frie for groe. Nøtene vert derfor impregnert med kopar, og i tillegg reingjort med høgtrykksspyling.
Miljøstyresmaktene har lenge vore uroa for utsleppa av kopar. I 2005 fekk notvaskeria pålegg om nullutslepp av kopar, då det viste seg at det ikkje lenger var levande liv på sjøbotnen utanfor notvaskeria. Utsleppa kom då under kontroll, og notvaskeria klarer no langt på veg å stette kravet om nullutslepp. Eit mellomstort oppdrettsanlegg kan ha eit forbruk på 2,5 tonn kopar i året.